Nynorskbrukar i riksmålsbastion

For første gong er ein nynorskbrukar vald inn i riksmålstiltaket Det Norske Akademi for Språk og Litteratur.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er lyrikaren Knut Ødegård som på denne måten skriv historie, fortel Dag og Tid.

Han har nynorsk som hovudmål, men nyttar også riksmål.

LES OGSÅ: Stem på verdas beste nynorske blogg!

Etter det avisa fortel tok Arnulf Øverland allereie for seksti år sidan til orde for å få «fremtredenede landsmålsmenn» som medlemmer i riksmålsakademiet. Øverland var ein av stiftarane av det som i daglegtalen blir kalla Det Norske Akademi.

Den viktigaste oppgåva til riksmålsakademiet er å utarbeida riksmålsnormeringa. Akademiet har også ansvar for Det Norske Akademis Store Ordbok. (©NPK)

LES OGSÅ: Er du misunneleg på nynorskbrukarar?