«Oppdaga ikkje» asylendring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg merka meg ikkje forskjellane på dette punktet før BT kontakta meg, sa PU-sjef Kristin Ottesen Kvigne då ho fredag møtte til høyring i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.

I tildelingsbrevet frå Justisdepartementet til Politidirektoratet i januar framkjem det at lengeverande barn ikkje lenger skal prioriterast spesielt ved utsending.

Dette vart som kjent ikkje formidla vidare frå POD i disponeringsbrevet til PU, men begge breva nådde etaten.

– Eg oppdaga ikkje sjølv differensen mellom dei to breva, sa Kvigne.

LES OGSÅ: Slik byrja asylbarn-saka

Som før
PU-sjefen slo fast at det ikkje er kor lenge den enkelte har vore i landet som er avgjerande for om utsending finn stad, men dei såkalla returføresetnadne. Desse omfattar blant anna avklart identitet og returavtale til mottakarlandet.

På spørsmål frå Venstres Abid Raja om ho hadde oppfatta at lengeverande barn ikkje lenger skulle prioriterast framfor andre barn ved asylsaker, svarte ho slik:

– Barnefamiliar er ei prioritert oppgåve, og det har ikkje vore styrande i vårt arbeid med returar om dei har vore her lenge eller ikkje.

Ifølgje Kvigne vart dei varsla politikkendringane til regjeringa på området likevel forstått av Politiets utlendingseining.

– Vi har forstått at politikkendringa primært er knytt til eingongsløysinga og forskriftsendringa, sa ho.

LES OGSÅ: Ny rekord i tvangsutsendingar

Ikkje vern
Kvigne understreka i høyringa at politiet ikkje la til side saker som omhandla barnefamiliar og ikkje på noko tidspunkt tok imot føringar om at lengeverande barn skulle vernast frå uttransportering.

Dette har heller ikkje vore bodskapen frå Justisdepartementet, som berre har slått fast at denne gruppa ikkje skulle prioriterast særskilt.

Eit møte med justisminister Anders Anundsen (Frp) 19. august vart også tema i høyringa. Det kom i stand som eit resultat av at PU overfor departementet uttrykte at det var utfordrande å nå måltalet om 7.100 uttransporteringar i 2014.

– Vi fekk tilbakemelding om at måltala var svært viktige og at vi måtte gjere det vi kunne for å nå dei, sa Kvignes medarbeidar under høyringa Morten Hojem Ervik.

Det er openbert at fleire barn er sende ut til Afghanistan no enn kva tilfellet har vore tidlegare. Det er ikkje tvil om at fleire barnerike familiar vart sende ut til Afghanistan hausten 2014, sa Kvigne.

Ho sa også at PU ikkje gjorde ei «sjølvstendig vurdering» av brevet frå afghanske styresmakter som uttrykte kritikk mot ein endra norsk returpraksis. (©NPK)