Slektskap mellom tradisjonsmusikk og dansetradisjonar i ulike land og kulturar er hovudtemaet på Førdefestivalen 1.– 5. juli. Det store trekkplasteret i år er harpeduoen Catrin Finch og Sckou Keita.

(NPK):
(NPK):

Catrin Finch frå Wales og Sckou Keita frå Mali er sterke namn på verdsmusikkscenen for tida og «eit absolutt 'must'» på programmet, meiner Førdefestivalen. Den siste plata til dei to, «Clychau Dibon», trona på toppen av fleire lister over dei beste verdsmusikkutgivingane i 2013, mellom anna i The Guardian, Mojo Magazine og Songlines. Nyleg spelte dei på festivalen Celtic Connections i Glasgow, og til sommaren kjem dei altså òg til folke- og verdsmusikkfestivalen i Førde.

Det norske hovudinnslaget på festivalen blir i år Linda Gytri Trio, som i slutten av februar gir ut den første plata si. Elles er mellom andre kvintetten Cuncordu e Tenore de Orosei frå Italia, folkemusikkgruppa Danú frå Irland, felegruppa Fiddles Bid frå Shetland og duoen Tsogtgerel & Ganzoring frå Mongolia klare på det førebels festivalprogrammet.

LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat

Grenselaust samarbeid
Dei store temasatsingane på den 26. Førdefestivalen er elles prosjekta «String ConneXions» og «Vocal ConneXions», der musikarar frå ulike land og tradisjonar blir utfordra til å skape noko nytt i fellesskap.

For festivaldirektør Hilde Bjørkum ser det som ei oppgåve å fylle festivalen med noko meir enn kjendisartistar. Det handlar òg om å leggje til rette for nye opplevingar og ny kunnskap for både musikarar og publikum, seier ho.

– Nettopp dette er ein viktig del av oppdraget vårt som knutepunktfestival: ikkje berre ha det «alle andre» har, men gå nye vegar og by folk noko dei kanskje ikkje visste at dei ville ha, seier Bjørkum.

Fordefest2

Den walisisk-maliske duoen Catrin Finch og Seckou Keita blir det store trekknamnet på Førdefestivalen i år. Foto: Andy Morgan / Førdefestivalen

LES OGSÅ: Dansken som skal leia festival i fjellheimen

Hardingfele og gadulka
I prosjektet «String ConneXions» møter dermed hardingfelemeister og Landskappleik-vinnar frå i fjor Gro Marie Svidal frå Jølster musikarane Emilia Amper frå Sverige, Murad Ali Khan frå India og Peyo Peev frå Bulgaria til dyst. Dei tre trakterer høvesvis nøkkelharpe, sarangi og gadulka, alle instrument med resonansstrengar og strykarklang.

– Med fire topputøvarar og over 80 strengar i vibrasjon blir dette eit formidabelt meistermøte med store klangopplevingar, trur festivaldirektør Bjørkum.

Dirigenten i Det Norske Solistkor, Grete Pedersen, i står i spissen for systerprosjektet «Vocal ConneXions». Der skal den norske folkesongaren Unni Løvlid utforske den europeiske folkesongen saman med Julie Fowlis frå Skottland, Annie Ebrel frå Frankrike og Gergana Dimitrova frå Bulgaria.

LES OGSÅ: Oljedominans i festival-Noreg

Nomadesong
Den italienske songarkvintetten Cuncordu e Tenore de Orosei og duoen Tsogtgerel og Ganzoring frå Mongolia skal saman melte mongolsk stupesong med sardinsk fleirstemt song i konsertprogrammet «Nomadic Voices». Fjell-landskapa i Mongolia og på Sardinia har dessutan eitt tradisjonsinstrument felles: munnharpa.

Det endelege festivalprogrammet blir klart onsdag 25. mars.

LES OGSÅ: Slik får du ein nynorsk Øyafestival

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE