I ei turnering på Filippinene kan kvart lag berre ha ein homofil – for at ingen skal få ein urettferdig fordel.

Gamer.no skriv om ei turnering i spelet League of Legends, arrangert av Garena eSports på Filippinene. Dei har innført ein spesiell regel for lagsamansetjinga: Kvart lag får berre ha éin person på laget som er homofil, bifil eller trans (frå no, skeiv).

LES OGSÅ: Sportsstipend på dataspel

– Inkluderande
– Me ønskjer alltid å sikra at me har inkluderande omgivnader der ingen føler seg utelatt, omgivnader alle kan nyta. Difor meiner me at det er rett å opna for at fleire kan vera med, skriv arrangøren i eit skriv, ifølgje Gamer.no.

Dette forklarar likevel ikkje kvifor kvart lag berre får ha ein skeiv person. Det næraste arrangøren kjem til ei forklaring på dette er:

– Samstundes, i alle konkurransar, tek me eit rettferdig nivå mellom spelarane veldig alvorleg. Det har vore innspel frå andre deltakarar som meiner at skeive kan ha ein urettferdig fordel, skriv arrangøren.

 LES OGSÅ: Tilset ikkje homofil prest

Reagerer
Riot Games er selskapet som har utvikla League of Legends, som i januar 2014 vart spelt av over 67 millionar menneskjer i månaden.

Dei er offisielle samarbeidspartnarar med Garena eSports, men støttar ikkje regelen om å ha maksimalt ein skeiv deltakar på kvart lag.

Gamer.no skriv at det ikkje er sikkert om selskapet vil gå vidare med saka.

LES OGSÅ: Bør norsken kuttast frå dataspel?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE