Ombod seier nei til tiggeforbod
Likestillings- og diskrimineringsombodet ber regjeringa om å trekke forslaget om nasjonalt tiggeforbod.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Forslaget er diskriminerande og varetek ikkje dei menneskerettslege forpliktingane våre, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.
LES OGSÅ: Sjokkert over tiggeforslag
Ho meiner lovforslaget er retta spesielt mot tilreisande rom og vil kunne føre til diskriminering.
– Det er openbert at målet med denne lovendringa er å få romfolk vekk frå gatene, seier Ørstavik.
– Unntaksforslaga underbyggjer dette. Det skal vere greitt å gå julebukk, men om du ber om pengar for å få råd til mat vert du straffa med fengsel. Lovforslaget må trekkjast og bli erstatta av gode sosialpolitiske tiltak, seier ho. (©NPK)