237 bruer i Noreg kan vera utrygge
237 bruer langs norske vegar har skadar eller manglar som truar bereevna, ifølgje ei oversikt VG har fått frå Statens vegvesen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mange bruer kan vera utrygge
Av i alt 18.000 bruer i Noreg har 237 ein skade eller mangel som Vegvesenet karakteriserer som at bereevna er trua.
Ti av dei 237 er gang- og sykkelbruer, medan 15 er store bruer på over 100 meter, skriv VG.
LES OGSÅ: – Vil tena milliardar på ferjefri E39
Statens vegvesen innrømmer at brulandet Noreg har ei utfordring.
– Vi har eit vedlikehaldsetterslep på vegane i dag på mellom 40 og 65 milliardar kroner. Og i det vil du også finne ein del skader som går utover bereevna til bruene, seier brudirektør Børre Stensvold i Vegdirektoratet.
Rundt ti bruer i Noreg kollapsar årleg som følgje av flaum, ras eller påkøyrsler, ifølgje Stensvold.
– Vi føler at vi har god kontroll og gjer avbøtande tiltak. Vi skiltar, set i verk nye utrekningar og fjernar asfalt slik at totalvekta blir lettare. Vi har veldig mange dyktige konsulentar og interne medarbeidarar som inspiserer bruene, seier brudirektøren.
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) seier til VG at Vegvesenet no skal undersøkje grunnforholda under 80 bruer i Noreg med liknande konstruksjon som Skjeggestadbrua. (©NPK)