Ingen kvinner på Frp-lista

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiar i nominasjonskomiteen i Bømlo Frp, Anne T. Johannessen, har 23 år bak seg i lokalpolitikken i Bømlo og på Kongsberg. No gir ho seg. Det gjer dei få andre kvinnene som har vore folkevalde for Frp på Bømlo også. 

LES OGSÅ: Kvinnene rømmer frå distrikta

– Heldigvis er det ingen krav til at det skal vera kvinner på vallistene, og mennene me kontakta var positive, seier Johannessen. Ho tykkjer det ville vera synd om lokallaget ikkje hadde greidd å stilla liste ved valet, og er nøgde med at dei har fått ei liste klar. 

– Det som er synd er at dersom me kjem inn i kommunestyret, så får me ikkje meir enn éin representant i utvala. For der skal nemleg begge kjønn vera representerte. Og med berre menn på lista, så er jo ikkje det så enkelt, seier leiaren i nominasjonskomiteen.

LES OGSÅ:Blir menn lettare toppforskarar?

Kring 20 medlemmer møtte på nominasjonsmøtet torsdag kveld. 

– Det er ei generell haldning at folk ikkje vil stilla på listene. Det er ikkje berre me som har hatt problem med å få folk til å stilla opp, seier Anne T. Johannessen.

Førstekandidat Ove Dahl var ikkje tilgjengeleg for kommentarar i går. 

LES OGSÅ:Skulle ønska fleire unge engasjerte seg i politikken