Ekstremsport i tåka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snøen lavar ned, som den har gjort store delar av vinteren. Rundt tre meter snø dekker no taka til hyttene i den brunbeisa fjellandsbyen og skianlegget utanfor Voss. Pudderentusiastar kan fryde seg, og det gjeld òg skikøyrarar som dinglar under skjermar – speedriderane.

– Vi ofrar mykje øl til vêrgudane, seier Daniel Morsund med eit glis som avslører at det nok var meint som spøk, i alle fall delvis.

LES OGSÅ: Får ikkje forby basehopp

Fartsfylt barndomsdraum
Daniel er i Myrkdalen og deltek på kurs denne helga. Han skal saman med ein gjeng andre ferske speedriderpilotar få sin første utsjekk. Målet er å få lisens for å kunne fly på eiga hand.

– Speedriding er ein barndomsdraum, den perfekte kombinasjon mellom ski og flyging. Det er hjelpeinstruktøren Josef Flatlandsmo si forklaring på kva denne nye sporten er.

Å speedride vil seie å frikøyre på ski samtidig som ein heng under ein skjerm som liknar på ein paraglidar, men som er mykje mindre. Og farten er høgare, den kan komme opp mot hundre kilometer i timen.

– Speedriding gjer tilgjengeleg mange parti som er for farlege til å stå på ski ned, fortel Josef.

Han skildrar sporten som heilt super for alle som er glad i å gå på toppturar.

– Det går òg an å kite deg opp ei fjellside, seier Josef, og viser med å strekke hendene på skeiva opp i lufta. Men då må det vere ein del vind, då, legg han til.


Josef Flatlandsmo (t.v.) og Hanne Lie måtte finne fram sitt mest ekstreme tålmod i snøvêret. FOTO: JONAS J. EIAN

LES OGSÅ: Sjå video av «skiflyging»

– Betre fartskjensle
På høgre sida av Kari Traa-trekket øvst i skibakken har gjengen med spente speedriderentusiastar på kurs samla seg. Dei har ski på beina og sekk på ryggen. Kleda er fargerike, akkurat som menneska som ber dei. Dei ventar tålmodig på at tåka skal lette, og at dei skal kunne sjå lengre enn nokre få meter nedover fjellsida.

Hans Grong er som mange andre på kurset eigentleg fallskjermhoppar, og har rundt to hundre hopp i bagasjen. No har han tatt steget vidare til speedriding.

– Eg gjer dette for å få meir kontakt med bakken, få betre fartskjensle. Det er òg litt for å kjenne eit kick, seier Hans.

Han meiner speedriding er enklare å drive med enn fallskjermhopping, fordi ein berre kan gå opp på eit fjell og fly ned att.

Kursdeltakarane ventar no på eit vindauga av flybart vêr. Dei mysar utover dalen, som foreløpig badar i eit kvitt lys og tjukk tåke. Vinden bles tett snø mot fjellsida. Det er kaldt å stå slik og vente.

Frode Fester er instruktør på utsjekken denne helga. Han legg vekt på skikøyring som det viktigaste ved speedriding, men at flyginga gir større mogelegheiter.

– Det er ei oppleving å køyre ski. På torsdag gjekk vi opp på Lønahorgi og speedrida ned ei kløft vi aldri har vore i før. Det var sol og fint vêr, og då blei eg glad, fortel Frode.

«Glad» verkar som eit stikkord for denne idretten. Når humøret framleis er på topp etter timevis med venting i kulde, vind og tåke; det er det som er ekte idrettsglede.

LES OGSÅ: Aktiv på festival

Er du i tvil, så er det ikkje tvil
Laurdagen er nesten over, og det blei lite flyging. Fire av kursdeltakarane samlar seg i varmestova. Dei har gitt opp for dagen, men alle er likevel i godt humør.

Det er fyr i peisen, og «Home» av Edward Sharpe & The Magnetic Zeros dundrar ut av høgttalarane og skapar ei heimekoseleg stemning. Steingolvet er dekka av eit tjukt lag smelta snø, det er best å ikkje trø på golvet når ein skal gi beina ein velfortent pause frå dei stramme skiskoa. Sjølv om alle er einige om å gi seg blir vêret eit heftig diskusjonstema kvar gong tåka viser teikn til å lette.

– Det er kjipt når ein har sett av tida, og så er det kanskje berre to av fem-seks dagar ein får fly, seier Hanne Lie.

Ho er kledd i ein klassisk blå, raud og kvit Marius-genser, og drikk kakao med krem på. Daniel er der også, og påpeikar det positive med at det er dårleg vêr. Slakkline, trampoline, bading i elver, filmredigering, prating, soling og eting er berre noko av det ekstremsportsutøvarar fordriv tida med når vêret er ekstremt lite flybart.

Samtalen glir over på tryggleik, som openbert er eit viktig tema for alle.

– Eg er eigentleg ein forsiktig person, og sjekkar alltid utstyret før eg tar det på. Det skal vere trygt og gøy, slår Hanne fast, og legg til eitt av dei mest kjende uttrykka innan ekstremsport: Er du i tvil, så er det ikkje tvil.

Denne setninga blir flittig brukt innan mange ekstreme idrettar, og rundt bordet i varmestova denne ettermiddagen herskar det full semje om at tryggleiken har topp prioritet.

LES OGSÅ: Råskinn med propell på ryggen


FOTO: JONAS J. EIAN

Endeleg klarsignal
Det blir morgon att og det er framleis dårleg sikt i Myrkdalen. Likevel er stemninga god øvst i skianlegget, der speedriderane allereie er på plass; vêret ser trass alt litt lysare ut enn i går. Latteren sit laust der Josef og to av kursdeltakarane sit og skodar utover dalen, framleis i håp om at tåka skal lette, og at lyset skal bli berre litt mindre flatt.

– No ser eg heile tre stolpar, ropar ei av kursdeltakarane og peikar ivrig på skitrekket.

Ei av dei legg skjermen fint utover snøen, sjekkar at det ikkje er krøll på linene, stiller seg opp med armane ut til sida og ventar på klarsignal. Det kjem, og ho glir framover. Skjermen blir fylt med luft. Så ropar Josef:

– Brems! Brems!

Ho ramlar over ende, skjermen krøllar seg saman og dett i bakken. Snøen virvlar rundt ho. Ho hadde rett og slett gløymt å stramme skiskoa. Problemet er snart fiksa, og ho susar nedover fjellsida, med den mjuke laussnøen nokre meter under skituppane.

LES OGSÅ: Rekordmange deltakarar i freeride

Manglande øltåke
Når kurset er over samlar heile gjengen seg utanfor varmestova for å oppsummere helga. Alle har fått speedriderlisens. Dei ser blide og fornøgde ut, trass ei tåketung helg. Instruktøren Frode anbefaler alle å øve meir i Myrkdalen før dei bevegar seg vidare til vanskelegare terreng.

Vêret blei ikkje heilt som deltakarane hadde ønska denne helga. Spørsmålet er om dei ofra nok øl til vêrgudane?

– Nei, det er sikkert det som er problemet, seier Daniel og ler.

Les saka i Studvest!