Dette må aldri komme ut, altså. Aldri.

mm

I min serie med topp-hemmelige notat som fortel sanninga om Krekar-saka, kan eg i dag presentere eit skikkelig hemmelig notat som avslører den eigentlige grunnen til at mulla Krekar aldri blir sendt ut av landet. Notatet er signert av fleire enkeltpersonar og grupper i det norske samfunnet.

TOPP HEMMELIG:

Til den det måtte gjelde (vi er heller ikkje heilt sikre på kven det eigentlig er).

Dette må aldri komme ut, altså. Aldri. Spesielt ikkje viss han spaltisten i Aftenposten spør. Ærlig talt, det burde de forstå av dykk sjølve.

Altså: Vi er ein gjeng som har snakka med kvarandre og blitt enige om at det beste for alle partar er om Mulla Krekar blir i Norge, så lenge som mulig. Ein av oss er Brynjar Meling, naturligvis, men det skulle vere unødvendig å seie. Alle må ha ein jobb.

Vi andre gir her våre grunngivingar for ønsket:

Politiet:

Det er altfor få anledningar til å tulle i politiet. På fritida tullar politifolk naturligvis heile tida. Men på jobb er det ofte skuffande lite rom for tull. Det er kriminalitet, det er truslar, det er kort sagt mykje negative ting. Ofte beint fram tragiske ting. Om vi får lov til å halde fram med å diskutere ulike måter å ikkje kaste ut mulla Krekar på, så blir det i det minste litt tull i kvardagen for enkelte av oss. Seinast denne veka fekk nokon i politiet for eksempel sjansen til å seie med alvorlig ansikt at det å la folk bu i Troms og Finnmark er ein overreaksjon. Det var gøy.

Børge Brende:

Eg ser helst at mullaen berre får bli. Alternativet er at eg må forhandle fram ein avtale med irakiske styresmakter. Det er veldig vanskelig å forhandle fram avtalar med irakiske styresmakter. Ikkje er det noko hyggelig å reise dit heller. Det er så mykje anna eg heller vil bruke tida mi på når eg først er minister. Eg vil gå på konferansar! Eg vil halde foredrag! Og så treng eg å jobbe litt meir med engelsken.

Siv Jensen:

Heilt sidan eg blei finansminister, har eg merka at det har blitt mindre og mindre tid til å vere partileiar. I periodar har eg faktisk nesten sjølv gløymt at eg er partileiar. Eg saknar det å vere partileiar. Det var tider. Eg var mykje tøffare den gongen. Alle seier det. Og eg synest det sjølv også. I Krekar-saka kan eg meine ein ting som finansminister og ein annan ting som partileiar. Så eg får med andre ord sjansen til å vere litt partieiar igjen, sjølv om eg er finansminister. Det er fint. Eg vil ha meir av det.
Hadia Tajik:

Så lenge vi ikkje kastar ut Krekar, så kan eg snakke prinsipielt om menneskerettar i media. Eg liker veldig godt å snakke prinsipielt om menneskerettar i media. Alle i Arbeiderpartiet liker å snakke prinsipielt om menneskerettar i media, men dei fleste i partiet er veldig mykje eldre enn meg og har derfor sagt dumme ting om menneskerettar tildligare, så dei kan ikkje snakke prinsipielt om menneskerettar utan å få fortida si i fleisen. Eg, derimot. Eg kan. Og vil.

Norske komikarar:

Ver så snill, la mulla Krekar bli. Så lenge han er her, har vi ein skummel muslim vi kan vitse om utan at vi treng å vere så veldig redde. Og folk ler faktisk berre du seier Kyrksæterøra. Det er heilt sant.

Norske journalistar, fotografar og hobbyfototgrafar:

Folk flest veit ikkje korleis det er for oss å møte utanlandske kollegaer. Dei fortel om kjendisar og politikarar som har sex med pølser og legg det ut på instagram, om kongressmedlemmer som har orgiar i narkorus og skryt av det, kjendis-rettssaker som ender i slåstkampar. Vi har lite slikt i Norge. Det vi har av kjendis-rettssaker, er saker om kjendisar som ikkje vil bli tatt bilde av. Ikkje ta frå oss den eine kjendisen i landet som er både nifs og rar og seier uhyrlige ting om Nord-Korea medan han smiler, og som gjerne tek selfies med journalistar. Gi oss dette. La han bli. La han møte i retten så ofte som mulig. Pliis.

På førehand takk. Saman skal vi få til dette. Det kjenner vi oss sikre på.
 

Først publisert i Aftenposten 31. Januar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE