Studieframtida er på nettet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arne Krokan, professor i sosiologi ved NTNU, kan ikkje sjå i krystallkula korleis det nye kjempeuniversitetet kjem til å bli.

– Det trur eg tilsette ved NTNU er spente på òg, seier Krokan – men han har nokre tankar om korleis han ønskjer undervisinga på det nye universitetet skal bli. Det skjer på Internett.

Medan nokon fryktar at studiekvaliteten vil bli svekka av lange avstandar, har Krokan ei anna oppfatning.

– Studiekvaliteten trur eg kan auka om me blir flinke til å laga gode digitale løysingar. Harvard har byrja å streama informatikkforelesingar med eit anna eliteuniversitet i USA. Når dei beste i verda samarbeider på denne måten er det nok lurt for oss å tenkja på same måte, seier Krokan.

LES OGSÅ: Slik vil nettet revolusjonera utdanninga

Digital entusiast
Det er ikkje første gong Krokan snakkar varmt om verdien av Internett i utdanninga for framtida.

På TedX-konferansen i 2013 snakka han varmt om digitale løysingar for utdanning, og han var ikkje redd for å tenkja stort den gong.

– Revolusjonen skjer ikkje når ein får nokre få kurs ut på nett. Men det kan kanskje skje når heile mastergrader kjem på nett, sa Krokan den gongen.

Oppfatninga hans har ikkje endra seg.

S, seier Krokan i dag.

Han har sjølv to reint nettbaserte kurs han gjennomfører, og eit kurs i teknologiendring og samfunnsutvikling som dei siste to åra har gått på nett. Han seier han får gode tilbakemeldingar.

– Me har fått veldig få negative tilbakemeldingar, tvert imot. Men eg ser at tilbakemeldingane kanskje ligg noko høgare i kurs der me ha fysiske samlingar, men det er ikkje dramatisk skilnad, seier Krokan.

LES OGSÅ: Samanslåing kan gi avgiftssmell

Overgangen
– Eg har tatt til orde for at fag der ein foreleser mykje med øvingsoppgåver på sida kan digitaliserast med forelesingar i opptak, seier Krokan. Men det er ikkje alt som skal til for å digitalisera utdanninga.

– Det er første trinn, det neste blir å tilpassa innhaldet til den medieverda me har i dag. Det betyr kortare sekvensar og betre grafisk produksjon – at me gjer fagstoff lettare tilgjengeleg fordi det er betre produsert enn det me klarar i eit vanleg auditorium.

Men ein slik overgang kjem ikkje utan vidare.

– Det er ikkje heilt trivielt å gjera dette, det er mykje studiemateriale som følgjer med. Berre for små kurs er det mykje som må gjerast digitalt. Dessutan styrer forlaga over lærebøkene. Om ikkje forlaget tykkjer digitaliseringa er ein god idé, kan ein ikkje utan vidare legga eigne bøker inn i systemet, seier Krokan, og legg til han fekk tillatelse til å gjera akkurat dette i sine kurs.

LES OGSÅ: NTNU og tre andre høgskular vil slå seg saman

Fleire forsøk
Krokan har jobba mykje for å gjera undervisinga ved NTNU meir digitalisert.

– Leiinga nikkar og smiler og seier me må gå vidare med dette, men det har vore ein prosess. Dei siste åra har det vore mykje fokus på kvalitet i forskinga, men me har hatt fleire forsøk innan innovativ undervising, mellom anna det eg driv med, seier Krokan.

Han fortel at NTNU er i gang med fleire team som no jobbar heilt annleis enn før, mellom anna med samskriving i digitale dokument.

– Dessutan brukar me Facebook-grupper i alle kursa og koordinerer mykje ved hjelp av dei. På eit kurs la eg ut ei melding søndag kveld, og eit minutt seinare hadde 20 prosent av klassen fått det med seg. Det skjer aldri i tradisjonelle læringssystem.

Krokan har fleire døme på innovative læringsmåtar som fungerer godt.

– Elektronikkemnet, som sleit voldsomt med fråfall opp mot 50 prosent, har no starta med å dela ut elektronikkbyggesett heilt i starten. Det er ikkje Lego det er snakk om, men sett du kan bygga ordentlege saker med. Dessutan får dei ein ekstern oppdragsgivar allereie første semester som dei skal løysa praktiske problem for. Det er eit typisk døme på at ein tek teknologien i bruk for å endra læringsprosessane, seier Krokan.

LES OGSÅ: Ønskjer lovendring for "Nye NTNU"

Faktaboks

Etter eit styremøte ved NTNU er det bestemt at høgskulane i Ålesund, Gjøvik og Sør-Trøndelag skal bli ein del av universitetet.

Nye NTNU blir den største utdanningsinstitusjonen i Noreg, med over 36.000 studentar og 6500 tilsette. Statusen som størst fører med seg mange utfordringar.

Store utfordringar kjem med lange avstandar. Mellom Trondheim og Gjøvik er det 378 kilometer, ifølgje Google Maps. Det tilsvarar rundt fem og ein halv time med bil.

– Jobbar ein digitalt spelar det ingen rolle om studentane sit på eit campus i Noreg eller i USA, seier NTNU-professor Arne Krokan.

Han har lenge jobba for meir digitalisering av utdanninga ved NTNU