Skognæringa kan firedoble omsetnaden til minst 180 milliardar kroner årleg, meiner utvalet som har utarbeidd ein strategi for næringa.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Landbruks- og matdepartementet utnemnde strategigruppa Skog 22 i oktober 2013, og måndag vart rapporten overrekt landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) og statssekretær Lars Jacob Hiim i Nærings- og fiskeridepartementet.

Gunnar Olofsson, som har vore styreleiar i Statskog sidan 2011, la fram hovudessensen i arbeidet til strategigruppa. Han fastslår blant anna at omsetningspotensialet i skog- og trenæringa ligg på minst 180 milliardar kroner – meir enn ei firedobling frå nivået i 2012.

LES OGSÅ: Den grønaste jenta i skogen

Nøkkelrolle
Gruppa spår at skog- og trenæringa vil få ei nøkkelrolle med å utvikle og realisere i det grøne skiftet i Noreg.

Olofsson peikar også på at det er berekraftig grunnlag for å auke uttaket av tømmer frå dei norske skogane med 15– 20 millionar kubikkmeter årleg – ein auke på 35 prosent frå perioden 2008– 2012.

Strategigruppa ser for seg meir bruk av skog og tre i alt frå emballasje og hygieneprodukt til norske bygg, men samtidig at bruken av avispapir vil fortsette å falle.

LES OGSÅ: – Nødvendig å suga ut CO2

Skatt og støtte
Nøkkelen for å lykkast med å auke verdiskapinga frå skognæringa er ifølgje Olofsson konkurransedyktige vilkår. Gruppa foreslår å gjere skattlegginga for skoginntekt gunstigare og ønskjer blant anna ytterlegare investeringar i skogsvegnettet, jernbane og kaianlegg.

Utvalet ønskjer vidare skattar og avgifter som fremmar fornybare energiløysingar, og opptrapping av omsetningspåbodet for biodrivstoff. (©NPK)

LES OGSÅ: – Regjeringa har to oljeministrar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE