Vi veit at politiet bestemte at Krekar skulle sendast til Kyrksæterøra. Men kvifor akkurat dit?

mm

Men det er jo framleis ein ting vi ikkje veit. Vi veit at mulla Krekar ikkje kan sendast ut av landet. Vi veit at det beste regjeringa kan få til er å sende han ut av Oslo. Og at det tydeligvis heller ikkje blir så lett, om Brynjar Meling får det som han vil. Vi veit at politiet bestemte at Krekar skulle sendast til Kyrksæterøra. Men kvifor akkurat dit? Av alle mulig plassar i utkant-Norge? Det veit vi ikkje. Før no.

Eg har naturligvis fått tak i eit topp-hemmelig notat frå ei topp-hemmelig gruppe i politiet.

Internt notat. Skikkelig hemmelig.

I fall det ikkje kom klart nok fram i overskrifta: Dette er skikkelig hemmelig. Akkurat som alle dei andre notata om arbeidet til oss i den topphemmelige gruppa Vi I Politiet Som Stemmer Arbeiderpartiet Og Derfor Gjer Alt Vi Kan For Å Latterliggjere Høgre-FrP-Regjeringa (VIPSSAODGAVKFÅLH-F-R).

Vi har endelig fått ei sak der vi kan sørge for at regjeringa blir til latter. Vi har fått i oppgåve å bestemme kvar i utkant-Norge mulla Krekar skal tvangssendast.

No er det viktig at alle gode krefter i vår topphemmelige gruppe arbeider for å få sendt Krekar til ein plass som det er maksimalt lett å tulle med for flest mulig, og spesielt for folk som bruker sosiale medier og folk som arbeider i riksmedia, slik at tullet spreier seg.

Vi har studert humoren på Facebook og Twitter, og humoren til folk som arbeider i riksmedia, og komme fram til ein del kriterium.

Vi bør naturligvis velje ein liten plass. Maks tre tusen innbyggarar. Slik at berre det å nemne innbyggartalet er ein vits for folk som bur i byar.

Så er det dette med namnet på plassen. Det er viktig. Namnet på plassen må vere langt, helst fire-fem stavelsar. Desto fleire stavelsar, desto meir høyrest plassen ut som noko Kjell Aukrust kunne ha funne på, og desto lettare å tulle med. Dermed er elles lovande plassar som Flå, Ål, Gol, Bø, Berg, Haug, Strand, Fjell, Knaus og Dal utelukka. Plassen vi vel, bør ha eit namn som er vanskelig å stave, og vanskelig å uttale utan å ty til tulledialekt.

Og her er vi over på eit anna viktig krav: Folk som bur på plassen bør snakke ein dialekt som både Trond Kirkvaag og Harald Eia har tulla med på tv. Slik blir det lettare for NRK og TV2 å intervjue folk i bygda utan å seie rett ut at dei gjer narr av dei.

Størsteparten av Aust-Norge er dermed utelukka. Unntatt Hallingdal, kanskje, der folk snakkar Hellbillies-dialekt, men der heiter plassane sånt som Flå, Ål og Gol, så Hallingdal er allereie utelukka, jf det tidligare punktet om stavelsar i stadnamnet.

Eit langt og vanskelig namn som må seiast med tulledialekt er dessutan ideelt med tanke på at justisministeren må forsvare dette vedtaket. Justisministeren prøver som kjent å vise at også Frp-politikarar kan vere seriøse og innhaldslause, så han vil neppe ty til tulledialekt i intervju. Eit slikt vedtak vil dermed tvinge han til å enten uttale eit norsk stadnamn feil, eller til å unngå å seie stadnamnet, noko som verkar unnvikande, og få ting er lettare å latterliggjere enn ein unnvikande statsråd som uttaler ting feil.

Vi bør dessutan velje ein plass som folk i media ikkje er heilt sikre på kvar ligg. Då blir det litt meir eksotisk. Men plassen må heller ikkje ligge for langt unna ein flyplass eller eit distrikts-kontor, helst begge deler. Det er viktig at journalistar kan dra dit raskt for å intervjue folk som snakkar som i ein sketsj. Dermed er for eksempel dei nordlige delane av Hedmark utelukka. Der det elles mykje som lett kan latterliggjerast (jf Aukrust i det tidligare punktet), men det er rett og slett for tungtvint å komme seg dit frå både Oslo, Bergen og Trondheim. Det same gjeld store deler av Finnmark. Der kan det dessutan vere vanskelig å finne folk enkelte dagar.

Det bør vere snø der. Meir skal ikkje til for at nokon kan dra ein Lilyhammer-parallell. Men Lillehammer er sjølvsagt utelukka. Lillehammer er for stort. Ikkje snakkar folk der rart nok heller (jf tidligare pkt).

For at riksmedia utan å bli direkte arrogante skal kunne framstille dette som ein plass der det ikkje skjer så mykje, så bør bygdas mest kjende innbyggarar vere pensjonerte utøvarar av ein idrett som foregår i skogen.

For å konkludere: Valet står mellom Blankvannsbergstuggu, Urenlurenhimmelturen, Kyrksæterøra eller Hølhælblæsfjuttu.

Problemet er at dei fleste av desse plassane ikkje finst, og dette vil nok bli avdekka av dyktige gravejournalistar, trulig allereie i løpet av eit par-tre dagar.

Kyrksæterøra altså.

Koz, den topphemmelige leiinga i VIPSSAODGAVKFÅLH-F-R


Først publisert i Aftenposten 24. januar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE