– Det er industrien som har sett premissane for kva bonden skal produsere.

Marius Myklebust, Møre-Nytt
Marius Myklebust, Møre-Nytt

Stein Brubæk i internasjonalt utval i Noregs Bonde- og Småbrukarlag er optimist på vegner av landbruket, men meiner det må gjerast mykje for å få matproduksjonen på rett kjøl.

Torsdag inviterte Ørsta/Volda Bonde- og Småbrukarlag til ope møte om matproduksjon i Ivar Aasen-tunet. Fleire organisasjonar presenterte seg, mellom dei React, Fairtrade og Fremtiden i Våre Hender. Hovudpunktet på programmet var likevel føredraget til Brubæk om det han kaller «den unødvendige svolten»

– Med det forbruket vi har i Noreg i dag, treng vi 2,6 jordkloder for å produsere nok mat. Om kvar nordmann hadde hatt det same forbruket som ein indar, ville vi klart oss med 0,6 jordkloder, sa Brubæk.

Han meiner jordbruket må leggjast om til det han kallar agroøkologisk drift.

– Poenget er at alt skal skje innanfor eit avgrensa geografisk område, rett og slett kortreist produksjon og kortreist mat. I tillegg bør bør jordbruket vere meir allsidig, med fleire typar vekster i same åker, sa Brubæk.

Bruken av kraftfôr må også ned, meiner han.

QUIZ:Kva veit du om norsk landbruk?

Problemet, ifølgje Brubæk, er at dagens landbrukspolitikk ikkje stimulerer til denne typen drift.

– Landbrukspolitikken i dag legg opp til industriell drift, med bruk av antibiotika, kraftfôr og størst mogleg produksjon. Det er lite her som stimulerer til å produsere sunnast mogleg mat, sa han.

Om driftsformene i landbruket blir lagt om, er Brubæk optimist.

– I verda i dag, blir det produsert 4.800 kaloriar per person. Om vi utnyttar desse betre, og reduserer svinnet, er det meir enn nok til kvar person.

Innlegget hans var basert på boka «Den unødvendige sulten», av Aksel Nærstad og Olav Randen.

Les saka i Møre-Nytt!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

ANNONSE