Vil hjelpe unge på rett spor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor vår blei den fyrste ruskontraken signert mellom ein ungdom og politiet i Seljord.

– Dette er noko eg har hatt lyst til å få til lenge, seier politifyrstebetjenten.

– Det er ikkje eigne folk som jobbar med dette i Seljord, slik dei til dømes har i Grenland der det er eigne ungdomsteam. Me driv med alt i jobben vår, førebyggjande arbeid også, seier Eilefstjønn.

I dag er det tre ungdommar som har signert ruskontrakt.

– Det er eit verkemiddel for å få ungdom til å halde seg vekk frå rusmiddel. Ordninga er eit samarbeid mellom kommunen og politiet, fortel Eilefstjønn.

LES OGSÅ: Meir kriminalitet i bokmålskommunar

Ulike vilkår
Om politiet tar ein ungdom mellom 13 og 18 år for bruk av narkotika og saka blir meldt, kan ei ruskontrakt bli aktuell.

– Då blir det vurdert om politiet skal gje ei bot, eller om me skal diskutere med politijuristen om me kan gå for ei kontrakt. Om juristen seier ja til dette kallar me ungdomen til eit møte saman med føresette, der me ynskjer å vite om den aktuelle personen er motivert for å signere kontrakten, fortel politifyrstebetjenten.

Ho fortel at kontrakten blir signert dersom ungdommen går med på avtala. Politiet bestemmer kor lenge avtala skal vare.

– Me kan lage kontrakt for 3, 6, 9 eller 12 månadar, men eg går ikkje for avtalar under 9 månadar, fortel Eilefstjønn.

LES OGSÅ: Mindre vald med sommarjobb

Prøvetid
Når kontrakten er signert må ungdommen ikkje gjere seg skuldig i nye straffbare høve i ein periode på to år, rekna frå underskriven avtale.

– Ungdomen må levere urinprøve under tilsyn av tilsette ved Sosialmedisinsk senter, eller ved Helsestasjon for ungdom ein til to gonger i veka. Det er også høve til å ta stikkprøver utanom dette. Barnevern blir varsla om kontrakten, og ungdommen godtek også at andre instansar blir varsla. Me kan til dømes ha dialog med skule der dei fylgjer med på fråvær og adferdsendring, fortel Eilefstjønn.

– Noko anna som er viktig er at ungdomen har nokon å snakke med. Samtalar med ruskonsulent, helsesyster eller politiet er viktig, seier ho.

LES OGSÅ: Fekk att fråstolen veske – heilt på eiga hand

Unik sjanse
Eilefstjønn fortel at ungdommane som er knytt til kontraktane er motiverte.

– Ved å gå med på kontrakten får ungdomen ei unik sjanse til å sleppe å få dette på rullebladet sitt. Dei unge får ein ny sjans, og kanskje fører det til at dei får den jobben eller kan gjennomføre den reisa dei drøymer om i framtida. Eg har bestandig vore interessert i arbeid retta mot ungdom og narkotika, fortel politifyrstebetjenten.

– Korleis er rusmiljøet i Seljord?

– Det har vore eit miljø ei tid, men me meiner me har fått røska litt opp i det. Dei unge seier sjølv at det har endra seg etter me fekk i gang meir førebyggjande arbeid og ruskontraktene, seier Eilefstjønn.

LES OGSÅ: Forbrytarskulen