Satsar på maratonteater om natta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teater heile natta

«Natt i verda» er arbeidstittelen på stykket.

– Andre verdskrigen er jo på ein måte ei natt i historia til menneska. Vi planlegg å spele frå midnatt og fram til klokka åtte om morgonen. Freden kjem med soloppgangen, seier Erik Ulfsby til NTB.

Teatersjefen har engasjert fire europeiske dramatikarar til å skrive teksten. Sist veke var dei fire samla for første gong i Oslo.

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane teater set opp terrorstykke

Fascinert av det umoglege
– Då eg fekk høyre om prosjektet tenkte eg: Er du gal, dette er berre for stort. Men eg vart tiltrekt av det umoglege med dette, og sa ja, seier den sveitsiske dramatikaren Lukas Bärfuss, som publikum på DetNorske Teatret kjenner frå oppsetjinga «Tjue tusen sider» i fjor.

I tillegg til Bärfuss er norske Maria Tryti Vennerød, skotske David Greig og russiske Oleg Bogev godt i gang med å skrive manus. Vennerød seier at ho skriv på ei tredelt historie om ein nazi-lege som bokstaveleg talt går over lik og gjer barbariske handlingar i den tru at han som lege kan lækje sivilisasjonen.

– Eg har snakka med folk eg har møtt på min faste kaffibar i Edinburgh og høyrt kva dei forbind med andre verdskrigen, kva for historier dei har høyrt. Her møter eg folk frå mange land, og kan byggje vidare på detdei fortel, seier David Greig.

Han synest det er ei fascinerande oppgåve å sy saman det han kallar eit lappeteppe av historier.

LES OGSÅ: «Fugletribunalet» blir teater

Mange historier
Han som skal sy saman alt til slutt er teatersjefen sjølv, som skal ha regien, og sjefdramaturgen på Det Norske Teatret Carl Morten Amundsen.

– Det å lage noko frå absolutt ingenting er moro, seier Amundsen.

Dei fire dramatikarane har jobba med prosjektet i trekvart år.

– No har eg 300– 400 sider å jobbe med og ser at dette kan la seg gjere, seier Amundsen.

I tillegg til historiene frå dramatikarane kjem den endelege framsyninga til å byggje på anna materiale frå andre verdskrigen, som dagbøker, foto, aviser, brev og filmar.

– Det kjem ikkje til å bli ei einsarta forteljing. Det kan ikkje vere eitt perspektiv i ei slik framsyning. Vi skal dyrke forskjellige vinklar, og dei fire dramatikarane har jo også gripe dette veldig forskjellig an, seier Amundsen.

Tema kjem også til å bli korleis den andre verdskrigen pregar oss no, 70 år etter.

LES OGSÅ: Den ukjente sabotøren

Spektakulært
Maratonframsyningar er ikkje noko nytt for Det Norske Teatret. På slutten av 1980-talet sette Stein Winge opp seks timar lange «Merlin» på teateret. I 2013 vart like lange «Bibelen» spelt med stor suksess, også det i regi av Winge.

– Med «Bibelen» spelte vi jo både heile framsyninga i eitt og vi delte ho i to, for vi trudde det ville bli veldig mykje for folk å sjå dei seks timane. Men erfaringa var at alle ville sjå heile, for det var på ein måte storhendinga, seier Ulfsby.

Erfaringane frå «Bibelen» gjer at han også har tru på at folk vil komme for å sjå ei maratonframsyning om natta.

– Vi trur ein slik happening vil appellere. Det er jo noko spektakulært å sitte og sjå teater heile natta. Vi legg i første omgang ut eit tal netter, og det kan godt tenkjast at vi også skal spele nokre framsyningar på dagtid, seier teatersjefen, som fortel om stor entusiasme internt på huset for prosjektet. (©NPK)

LES OGSÅ: Beklagar ubehaget