– Verdas rikaste prosent eig snart meir enn resten

Oxfam åtvarar mot aukande forskjellar. 

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei rikaste vert rikare

I 2016 eig èin prosent meir enn dei resterande 99 tilsaman, ifølgje ein rapporten «Wealth: Having it all and wanting more», som vart lansert i dag.

Den britiske hjelpeorganisasjonen Oxfam er uroa over at gapet mellom dei rikaste menneska i verda og resten aukar raskt.

LES OGSÅ: 2012: 630 millionar færre ekstremt fattige

Ti kroner dagen
– Vil me verkeleg leve i ei verd der èin prosent eig meir enn resten av oss tilsaman? spør Oxfam-sjef Winnie Byanyima i ei pressemelding frå organisasjonen.

I 2009 sat éin prosent av verdas befolkning på 44 prosent av verdas verdiar. I fjor eigde den same prosent 48 prosent av verdiane.

Tendensen er at rikdommen hopar seg stadig meir opp på toppen av inntektsskalaen.

I 2014 hadde dei 80 øvste på Forbes riking-liste meir verdiar enn halvparten av verdas befolkning tilsaman. Verdas 80 rikaste har altså like mykje som 3,5 milliardar av verdas fattigaste.

LES OGSÅ: To av tre vil betala meir skatt

Minsteløn og skatt på kapital
Denne veka samlast verdas toppleiarar i Davos under Verdens økonomiske forum, som årleg vert arrangert i byen Davos.

Som middel mot inntektsgapet oppmodar Oxfam verdas politikarar til å innføra minsteløn, skattleggje kapital framfor arbeid, slå ned på skattesnylting og betre offentlige tenester.