Jo Nesbø populær i USA
Bøkene til Jo Nesbø går stadig betre i utlandet. I fjor selde dei engelske utgåvene av bøkene hans for over 60 millionar kroner. Ein tredel av inntektene kjem frå USA.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sidan 2005 har Jo Nesbø selt 5 millionar bøker på engelsk, omtrent det same som det totale salet hans i Noreg. I fjor selde han 863.000 bøker i engelsk omsetting, like mange som i 2013, skriv Dagens Næringsliv.
LES OGSÅ: Eddi Eidsvåg får Harry Hole-pris
Opp i USA
I USA selde han i fjor over 300.000 bøker, inkludert både krimbøkene og barnebøkene. I 2013 var salet på rundt 250.000 bøker.
Opplaget for bøkene til Nesbø i Noreg auka med 340.000.
Sjølv ønskjer forfattaren ikkje å kommentere salstala.
– Eg avstår som vanleg frå å kommentere tala sjølv om dei sikkert er bra, i løynleg håp om at eg ikkje blir skulda for å vere grinebitar når eg heller ikkje kommenterer tala den dagen dei snur, seier han til avisa. (©NPK)