Vinnar av DIXI-prisen 2014

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

DIXI-prisen 2014 er tildelt Frøydis Øfeldt Marstein. Prisen blir delt ut til ein person eller ei bedrift som har vore med på å setje valdtekt på dagsordenen.

Prisen blir delt ut på Litteraturhuset i Oslo onsdag 28. januar. Prisen består av ei kunststatue i keramikk.

LES OGSÅ: 1 av 10 jenter har opplevd overgrep

Synleggjer pårørande
I juryen si grunngjeving heiter det at Frøydis Øfeldt Marstein, i tillegg til å vere ei viktig støtte til nokon som har vore utsett for seksuelle overgrep, har engasjert seg i arbeidet mot seksuelle overgrep og bidrege til å synleggjere pårørande som gruppe.

Ho har vore ope og tydeleg på at seksuelle overgrep kan og bør pratast om, og understrekar kor viktig det er å ha kunnskap om valdtekt og overgrep.

«Frøydis har halde føredrag og appellar for å auke kunnskapen om valdtekt og seksuelle overgrep, og bidreg til å lyfte fram dei som har vore ei «gløymt» gruppe, nemleg dei pårørande», skriv juryen i si grunngjeving.

Juryen håpar prisen kan vere ein motivasjon for andre pårørande til å strekkje ut ei hand og prate om det som er så vanskeleg.

«Døkk kan gjere ein forskjell. Samtidig er det viktig å akseptere at det å vere pårørande er krevjande kjenslemessig, og at dette må pratast om. Frøydis sitt engasjement bidreg til å sette ljos på nettopp dette», skriv juryen.

Frøydis Øfeldt Marstein sit i kompetansegruppa på Stortinget som har som mål å betre tilbod og oppfølging for utsette for overgrep og vald i nære relasjonar og som blant anna har jobba mykje med å fjerne fristen for at saker kan bli forelda.

Les meir om DIXI Ressurssenter mot valdtekt her.

Les saka i Fjuken!