Åtvarar mot sexutpressing på nettet
Politiet åtvarar ungdom mot ein ny trend.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Åtvarar mot sexutpressing
Fleire norske ungdommar har det siste året blitt pressa for pengar etter å ha delt bilete med seksuell karakter av seg sjølv med andre på nettet.
Opprullinga av ei større sak i fjor der 58 personar blei arresterte på Filippinane for å ha pressa unge for pengar etter først å ha skaffa bilete av seksuell karakter av offera, har tilknyting også til Noreg.
LES OGSÅ: 9500 unge har delt nakenbilde av seg sjølv
– Det er minst eitt offer i Noreg knytt til denne saka. Totalt kjenner vi til nær ti tilfelle av liknande karakter. Før 2014 hadde eg ikkje høyrt om denne typen kriminalitet, men no ventar vi å sjå meir av dette, seier Kripos-sjef Ketil Haukaas til NTB.
Opprullinga av «sextortion»-ligaen på Filippinane var den første i sitt slag. Ho starta med at ein 17-åring tok livet av seg i Edinburgh etter å ha blitt utsett for utpressingsforsøk. (©NPK)
LES OGSÅ: Deler nakenbilde på Instagram