Redd Barna: – Inhumant og kynisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kasta ut asylbarn før kriminelle

– Dette er umogleg å forstå og frykteleg inhumant, seier Janne Raanes, leiar for Norgesprogrammet i Redd Barna.

Ho meiner det er kynisk dersom ein sender ut barnefamiliar i staden for enkelte lovbrytarar, for å sørgje for at eit tilstrekkeleg tal på asylsøkjarar vart kasta ut.

LES OGSÅ: Regjeringa har kasta ut 484 asylbarn

Press frå departementet
Bergens Tidende (BT) meldte tysdag om at politiet måtte leggje om arbeidet for å nå justisminister Anders Anundsens (Frp) måltal.

Regjeringa hadde lovd at 7.100 utlendingar utan lovleg opphald skulle kastast ut av landet i 2014. 1.900 av desse skulle vere asylsøkjarar. Men allereie 12. mars i fjor får Politidirektoratet (POD) klar beskjed om at «talet på returar innan asyl har vore for svak». Det viser referatet frå eit styringsdialogmøte med Justisdepartementet.

LES OGSÅ: Asylbarna med alvorleg melding

Fleire til Afghanistan og Nigeria
For å nå måla måtte ressursar internt i politiet omprioriterast. Arbeid som kasta for lite av seg, vart avslutta. Blant gruppene som fekk mindre merksemd, var utanlandske kriminelle, som er vanskelege å oppspore og tar mykje tid.

Medan det i årets åtte første månader i fjor vart sendt ut 25 lengeverande barn, var talet 29 i september aleine. Ifølgje Politiets utlendingseining vart det returnert flest barn til Afghanistan og Nigeria i 2014. Dei utsende afghanske familiane var stort sett lengeverande. Det same gjaldt mange nigerianarar som vart returnerte med eit charterfly i september. 20 av passasjerane var lengeverande barn.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget vedtok tysdag å innkalle justisminister Anders Anundsen til ei opa høyring. Fleirtalet i komiteen meiner det ikkje er samsvar mellom informasjonen Anundsen har gitt til dei folkevalde og det som har skjedd i saka.

BTs avsløringar i tysdagsutgåva, så vel som opplysningane avisa kom med før jul, blir tema i høyringa.

LES OGSÅ: – Noreg gjer ikkje nok for barn i sårbare grupper

Kjenner meg ikkje igjen
Statssekretær Jøran Kallmyr (Frp) i Justisdepartementet seier dette i ein e-post til Bergens Tidende om dei siste avsløringane:

– Eg kjenner meg ikkje igjen i BTs påstandar. Faktum er at det i 2014 vart returnert 7 prosent fleire i kategorien «utviste/bortviste og andre» enn det som var måltalet for denne kategorien.

– Derimot vart det returnert 5 prosent færre i kategorien asylsaker enn det som var måltalet i den kategorien. At arbeidet med utvising vart redusert frå august 2014 er ikkje riktig, skriv han.

Til NRK seier han:

– Vi har ikkje omprioritert i politiet slik at det skal vere lettare å sende ut asylbarn. Vi har omprioritert slik at ein skal gjere utsendingsarbeid enklare innan kategorien utviste, der dei kriminelle også høyrer til. (©NPK)

LES OGSÅ: Frp meiner asylbarn bør få bli