Artikkelen var først hos Porten.no.
Det er ikkje mange timane att, føre folk over heile landet skal sova ei natt ute. Natta frå tysdag til onsdag, 13 -14. januar, markerar starten på Friluftlivets år 2015.
LES OGSÅ: Vil ha elevane ut
Samlar seg
I forrige veke tok ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, utfordringa frå Klima- og miljøminister Tine Sundtoft, som gjekk ut til landets ordførarar, om å sove ute denne januarnatta. No slepp han gjera det åleine.
– Me lagar til ein moglegheit for folk som vil vera med. Akkurat kor mange me blir med har eg ikkje aning om. Me lagar uansett til bål, varm drikke
og noko å bita i. Blir vêret for rufsete, sett me opp ein lavvo, elles søv me under open himmel, seier Trond Øyen Einemo i Lærdal Turlag.
Dei samlar seg på Jektesanden (Hedler) i Lærdal frå klokka 20 tysdag kveld og fram til klokka 8 onsdag morgon.
– Eg håpar dette blir bra. Ta med deg det som trengs og møt opp. Det er fritt fram for alle, seier Einemo.
LES OGSÅ: I 2015 skal fleire ut på tur
Del opplevinga
Del gjerne ein sovepose-sjølvi frå der du er, anten du er på Jektesanden eller om du overnattar ein annan plass.
Merk bilete på instagram med #mittporten
LES OGSÅ: Men, kva gjer du på om vinteren?