Medan rundt 200 menneske møtte opp og marsjerte i Pegidas antiislamske demonstrasjon i Oslo, blei det halde appellar i ein motdemonstrasjon. 

NPK-NTB
NPK-NTB

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes meiner ekstreme islamistar og Pegida er like.

– Mange vil bruke morda i Paris til å piske opp hat mot muslimar. Medan vi samlast her, demonstrerer Pegida for første gong i Noreg. Ifølgje dei sjølv står dei for humanisme – mot «muslimsk innvandring», opna Moxnes under ein appell på Youngstorget i Oslo.

Protestrøsla Pegida (Patriotiske europearar mot islamisering av Vesten) samla seg for første gong i Oslo måndag, etter at gruppa hadde gjennomført fleire demonstrasjonar i Tyskland. Rundt 200 menneske hadde møtt opp til den antiislamske marsjen. Antirasistisk Senter arrangerte motdemonstrasjon, der Moxnes var éin av appellantane.

– Eg har ein bodskap til Pegida: De seier at de er motstandaren til jihadistane, men de er likare enn de trur. De meiner begge at det går føre seg ein sivilisasjonskrig, Vesten mot muslimane. De slåss mot det same vrangbilete av islam som jihadistane kjempar for, sa Moxnes, før han omtalte dei som «nyttige idiotar for kvarandre».

LES OGSÅ: Difor vinn alltid penn over våpen

– Blir møtt med skit
Då motdemonstrasjonen gjekk frå Youngstorget hadde rundt 500 menneske møtt opp. Til den antiislamske marsjen såg det lenge skralt ut, men då toget gjekk var nesten 200 på plass.

– Det vi kjempar for er at norske, vestlege verdier – humanismen – skal vere einerådande i Noreg. Vi ser at muslimsk innvandring kan endre samfunnet vårt til det verre, sa Max Hermansen til NRK i forkant av demonstrasjonen.

Hermansen er initiativtakar til Pegida-marsjen i Oslo og meiner kritikk mot islam og muslimsk innvandring blir møtt med kritikk – same kva.

– Uansett kva vi prøver å seie om denne «elefanten i rommet» – muslimsk innvandring – blir vi møtt med masse skit. Sjølv om vi prøver å delta på ein sakleg måte blir vi møtt med det.

LES OGSÅ: Are Kalvø: Det eg ikkje gjer

Angreip TV 2-reporter
Likevel, då TV 2s norsk-pakistanske journalist Kadafi Zaman spurte ein mann kvifor han hadde møtt opp, svarte han med å angripe Zaman.

– Eg viser avsky mot sånne muslim-jævlar som deg. Sånn innvandrar-drit som deg, sa den frammøtte mannen direkte på TV 2.

LES OGSÅ: Homofobi, rasistar og ytringsfridom

Folket
I marsjen som gjekk litt seinare vaia norske flagg fremst. Pegida-marsjen blei møtt av blant andre frammøtte frå Blitz som ropte «ingen rasisme i våre gater».

Initiativtakar Hermansen meiner mange står bak bodskapen.

– Vi er ganske mange som står bak, vanlege menneske som vi kjenner og ikkje kjenner. Vi er aktive på sosiale medium. Eitt av hovudproblema våre er at vi ikkje har sleppt til i vanlege medium. Det er alvorlege problem med islam i Noreg i dag, og vi må tørre å prate om det.

Hermansens ord møtte liten støtte blant motdemonstrantane framfor Stortinget. Pegida seier sjølv dei er folket, noko Raudt-leiar Moxnes tok opp i appellen sin.

– Når de seier: Vi er folket!, er svaret vårt: Det er vi også. Og det er også våre venner og naboar, om dei er muslimar, jødar, kristne eller ateistar, sa Moxnes. (©NPK)

LES OGSÅ: Trur teiknarane kjem styrkja ut av terroren

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE