Årets første utenatt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tips til vintertelting

– Før utfordringa hadde me aldri sove ute vinterstid, men i romjula prøvde me ei natt under open stjernehimmel i åtte minusgrader. Det gav meirsmak, fortel Ingebjørg Eitrheim Nondal på telefon til Framtida.

Trebarnsmora står bak bloggen «Utetid», og heile familien er offisielle ambassadørar for Friluftslivets år 2015, som startar i dag.

Målet er å få fleire ut på tur – året rundt.

LES OGSÅ: I 2015 skal fleire ut på tur

Angrar aldri på ein tur
Sidan første prøvenatt har familien teke fleire netter i hagen heime i Odda, for å øve seg i trygge omgivnadar. Tre og ein halv meter frå huset kan vere nok til å få turkjensla.

Ingebjørg er oppteken av dei små nærturane, som òg kan gje gyldne augneblikk. Ein treng ikkje ta fatt på dei lengste ekspedisjonane eller høgaste toppane.

– Det er lett for å sitje inne og tenkje på at ein skulle vore ute på tur, men det er berre å bestemme seg for det og gjere det. Me kan òg kjenne på tidsklemma, men når ein kjem seg ut gjer det utruleg godt. Ein angrar aldri på ein tur, oppmodar Ingebjørg, som vil gje folk turinspirasjon.

Utstyret treng heller ikkje vere så fancy og dyrt.

LES OGSÅ: Lever livet ute

Stormfull start
Stormen «Nina» har sytt for ei vêrhard oppkøyring til Friluftsåret 2015.

Då statsminister Erna Solberg skulle stå for opninga på Fløyen i Bergen i dag, vart ho møtt av ein frisk haglskur, melder NRK.

I Tøyenparken i Oslo gjekk opninga med kronprinsparet litt mildare for seg.

Så får ein berre håpe at vêret er med familien Nondal og dei nesten 200 ordførarane landet over, som gjer seg klar til ei natt med eller utan telt.

LES OGSÅ: Samlar seg for ei natt i det fri

Skjermfri friluft 
Utetidfamilien har òg fått merka smaka på vêret. Dei skulle eigentleg delta på eit arrangement med DNT Ung, men på grunn av mykje vind og nedbør på Vestlandet vart arrangementet avlyst.

Men friskusfamilien let seg ikkje stoppe av litt vestlandsvêr. Foreldra tek med seg dei eldste borna på seks og sju år på ei ny natt i hagen.

Ingebjørg vil senka terskelen for å kome seg ut, særleg med born, som kan nyte godt av naturens uendelege og skjermfrie leikeplass.

– Me sjølv kjende på at det var mange inneaktivitetar – som tv, speling og skjermtid – som stal tid. Ute får borna heilt andre utfordringar, det er mindre krangling og dei finn kvarandre i leiken på ein heilt anna måte, avsluttar Ingebjørg Nondal, som oppmodar alle som har lyst til å kome seg ut.

LES OGSÅ: Vil ha elevane ut

Faktaboks

Dette treng du til #nattinaturen:

1.    Eit godt liggeunderlag (eit tjukt skumunderlag fungerer bra, gjerne med greiner av granbar under for ekstra isolasjon)

2. Varm sovepose (bruk to soveposar, lakenpose eller fleecepose dersom soveposen ikkje er varm nok)

3. Tørre klede (ullundertøy er best)

4. Lue, buff og ullsokkar

5. Hodelykt eller lommelykt

6. Ei flaske med varmt vatn til å ha nederst i soveposen (bruk flaske med skrukork, og skru skikkeleg igjen)

7. Vanntette posar til sovepose og klede (bruk plastposar dersom du ikkje har vanntette pakkposar

8. Noko varmt å drikke før du legg deg

9. Varm mat som gir mykje energi

10. Ein varm kropp (det er kroppen som skal varme opp soveposen, ikkje omvendt)

Kan vere kjekt å ha:
– dunjakke til å dandere rundt kroppen for å unngå å fryse på rumpa

Nb: Dette gjeld utesoving i nærmiljøet, f.eks i hagen eller i nærmaste skog. For lengre turar kreves det sjølvsagt meir utstyr. Sjå innlegget Vinternatt i naturen for fleire tips.

Henta frå Utetid.net