– Vil tena milliardar på ferjefri E39

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så fort kan ferjefri E39 bli nedbetalt

Nye utrekningar viser kor mykje utbygginga av ein ferjefri E39 vil ha for næringslivet i regionen og at deler av vegane kan nedbetalast raskt.

Handelshøyskolen BI har på oppdrag frå NHO rekna på dei økonomiske konsekvensane av sju store bru- og tunnelprosjekt langs kysten mellom Kristiansand og Trondheim (sjå faktaboks!).

– Endeleg får me på bordet nye perspektiv som for eksempel viser at eit samband mellom Haugesund og Stavanger kan nedbetalast på under to år. Det vil gi regionen eit stort økonomisk løft, seier NHO-president Tore Ulstein.

LES OGSÅ: Opnar for superfart på E39

Ulstein meiner dei nye tala bør få politikarane til å setja eit ferjefritt samband på Vestlandet øvst på prioriteringslista.

– No er det snart på plass fire felts veg frå Larvik, Sverige og Hamar til Oslo – og det kjem intercitytog i dei same områda. Då bør det neste store samferdselsløftet vera å bygga fjordsambanda på Vestlandet, som vil få enkeltregionane til å blomstra. Vestlandet treng eit slikt løft og eg er overtydd om at det er ei heilt nødvendig framtidsinvestering, seier Ulstein.

LES OGSÅ: – Ferjefri E39 vil gi problem i utkantane

Slik presenterer NHO ferjefri E39:

Kva synest du? Ønskjer du å kvitta deg med ferjene på E39? Ta debatten i kommentarfeltet under!

Faktaboks

Rogfast

Prosjekt: Tunnel under Boknafjorden, som skal binda saman Stavanger og Haugesund.
Byggestart 2016
Kostnad 13,8 mrd. kr.
Vil utløysa årleg næringsaktivitet for 8,6 mrd. kr.:
Nedbetalt etter 1,6 år

Hordfast

Prosjekt: Bru mellom Stord og Os som gjer at Bergen og Stavanger blir knyta saman.
Truleg byggestart 2018
Kostnadsanslag 9-13 mrd. kr.
Vil utløysa årleg næringsaktivitet for 3,5 mrd. kr.:
Nedbetalt etter 3,1 år.

Sognefjorden

Prosjekt: Bru mellom Høyanger og Gulen.
Truleg byggestart 2026
Kostnadsanslag: Minimum 17 mrd. kr.
Vil utløysa årleg næringsaktivitet for 342 mill. kr:
Nedbetalt etter 50 år

Nordfjorden

Prosjekt: Tunnel under Utvikfjellet og hengebro over Nordfjorden mellom Svarstad i Stryn, før han vert kopla på Kvivsvegen på nordsida.
Truleg byggestart: 2029
Kostnadsanslag: 3-6 mrd. kr.
Vil utløysa årleg næringsaktivitet for 187 mill. kr.:
Nedbetalt etter 24 år

Hafast

Prosjekt: Flytande bruer og kanskje flytande tunnel, mellom Ålesund og Hareid-landet, skal bygga saman Søndre Sunnmøre og Ålesund.
Truleg byggestart: 2022
Kostnadsanslag: Min 7,9 mrd. kr.
Vil utløysa årleg næringsaktivitet for 2,93 mrd. kr.
Nedbetalt etter 2,7 år

Moldefjorden

Prosjekt: Tunnel under øya Tautra til Otrøya og hengebru over Julsundet. Vil binde saman Sunnmøre og Romsdal.
Truleg byggestart: 2018
Kostnadsanslag: 11-16 mrd. kr.
Vil utløysa årleg næringsaktivitet for 1,2 mrd. kr.
Nedbetalt etter 11,2 år.

Halsafjorden

Prosjekt: Bru over Halsafjorden aust for Kristiansund i retning Trondheim.
Truleg byggestart: 2029
Kostnadsanslag: 4-10 mrd. kr.
Vil utløysa årleg næringsaktivitet for 189 mill. kr.:
Nedbetalt etter 37 år

Kjelde: BI/NHO