– Svakast i landet på befolkningsvekst

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Svakast i landet

Artikkelen var først hos Porten.no

Men sjølv om tala er langt ifrå oppmuntrande, er ikkje alt heilsvart for fylket, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding. 

LES OGSÅ: Foreslår Sogn og Fjordane som éin kommune

Vil ikkje bu her
– Flyttetala er svakast av alle fylka. Det er mange som flyttar frå Sogn og Fjordane til andre fylke, og få som flyttar til, sa Knut S. Vareide frå Telemarksforsking i presentasjonen på Fylkeshuset.

Dei svake flyttetala heng saman med arbeidsplassutviklinga i fylket. Sidan 2000 har det vore vekst i talet arbeidsplassar i fylket på 3,1 prosent. Norge har samla sett hatt ei vekst på 15,8 prosent i same perioden. Det er veksten i næringslivet i Sogn og Fjordane som har svikta, og det er færre arbeidsplassar i næringslivet i dag enn i 2007.

Rapporten syner at mange av kommunane i Sogn har hatt sterk arbeidsplassnedgang i privat sektor etter finanskrisa, frå 2008 til 2013. Nederst på fylkeslista ligg Årdal med -16,3 prosent, etter følgjer Lærdal etter med -18,3 prosent. Verst ser det ut for Høyanger, med -28,1 prosent i antal arbeidsplassar i privat sektor. 

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane teater set opp teaterstykke

Basisnæringane slit
Rapporten, som har fokusert spesielt på 2008-2013, syner at tal på arbeidsplassar i basisnæringane (som blant anna primærnæring, industri, olje- og gassutvinning, forsking, IKT og tele) har falle sterkt i fylket.

– Sogn og Fjordane har hatt ein lite gunstig samansetning av basisnæringane. Ein kan seie at fylket har hatt ein god treffsikkerheit, med vekst i mange bransjar som har nedgang på landsbasis, sa Vareide.

Vareide peikte likevel på at samla sett har Sogn og Fjordane litt over middels næringsattraktivitet av fylka i Norge. Næringslivet har prestert litt over kva som var venta.

LES OGSÅ: Difor bør du handla lokalt

Ikkje berre svart
Rapporten viser at sjølv om Sogn og Fjordane har nedgang på mange felt, har fylket òg ein høg del innovative bedrifter, spesielt dei bedriftene som er heimehøyrande i fylket.

Sjølv med mange bedrifter som er i bransjar med generelt lite inovasjon, blir Nordfjord og Sogn trekt fram som område med langt over normal andel innovative bedrifter.

LES OGSÅ: Kommunane vil ikkje fjerna buplikta

Attraktivt å bu i Årdal
Ingen regionar i fylket hadde positiv bustadsattaktivitet i den siste treårsperioda. Men i eit tolvårsperspektiv har Sogn hatt positiv bustadsattraktivitet, rangert som nummer 23 blant 80 regionar. 

Årdal er den mest attraktive bustadskommunen i Sogn og Fjordane frå 2010 til 2013. Årdal kjem ut som nummer 57 blant landets 428 kommuner. På andreplass i fylket finn me Sogndal, så Bremanger, mens Lærdal endar på ein sjetteplass i rangeringa av fylkets mest attraktive kommunar å bu i. 

Heile rapporten frå Telemarkforsking kan du lesa HER.

LES OGSÅ: Rapport: Legg ned Sogn og Fjordane