I år blir sommaren litt lengre

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Midt på dagen 30. juni i år kan du nyta eit ekstra sekund med sommar. Dei franske forskarane som styrer atomklokka – det mest nøyaktige målet me har på kva klokka faktisk er, klokka andre klokker blir stilt etter, har hamna eit lite sekund framfor jordrotasjonen. Det skriv Science Alert.

– Den enkle forklaringa er at jorda går litt saktare rundt, seier Nick Stamatakos ved US Naval Observatory, ifølgje nettavisa.

LES OGSÅ: Fullt batteri på halvt minutt

11:59:60
For å kompensera for den litt treigare jordkloden vår, vert det lagt til eit ekstra sekund på klokka i sommar – eit «leap second», eller skuddsekund om du vil.

Det skjer 30. juni i år klokka 11:59:59 – i staden for å gå rett til 12:00, blir klokka 11:59:60.

Dette blir gjort med jamne mellomrom, og har skjedd før. I snitt reduserer jordkloden rundetiden rundt sola med eitt tusendels sekund kvar dag.

LES OGSÅ: Fleire dødsfall på lønningsdagen

Datakrøll
Ifølgje The Telegraph vil fleire dataselskap førebu seg til denne minimale endringa. Sist gong det skjedde, i 2012,  kræsja fleire nettsider på grunn av forskyvinga av klokka, og no blir det gjort tiltak for å motverka det.

LES OGSÅ: Kan hjernen bli full?