Fleire el-bilar på bygda

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det lettaste å kritisera el-bilane for, kan vera rekkevidda. Utanfor byane er distansane lengre, og då har det vore vanskeleg for mange å satsa på el-bilen.

LES OGSÅ: Kjem aldri til å kjøpa bensinbil igjen

Denne oppfatninga ser ut til å vera på veg ut. Tal frå Grøn Bil syner at salet av elbilar aukar sterkast i mindre tettbefolka fylke – auken er størst i Telemark, Vestfold og Sogn og Fjordane.

Tala for desember 2014, som kjem frå Opplysingsrådet for Vegtrafikken, viser at talet på el-bilar auka med 36 prosent nasjonalt samanlikna med førre kvartal. Totalt for fjoråret vart talet på el-bilar dobla i Noreg.

LES OGSÅ: Elbilparken dobla igjen

I Telemark, fylket der talet har auka mest, er auken på 32 prosent i desember frå førre kvartal.

Minst auke er det i Sør-Trøndelag, med 12,6 prosent oppgang, tett fulgt av Oslo med 14,1. Fylket med flest bilar er Akershus, med 8960 bilar.

LES OGSÅ: Elbilar er pengesluk for ferjeselskapa