Skulebyråd har born på privatskule

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skulebyråd vel privatskule

Den nye sjefen for dei offentlege skulane i Bergen, har sjølv vald å flytte eit av borna sine på privatskule.  

LES OGSÅ: Lovbrot hjå ni av ti privatskular

– God høgrepolitikk
Sjølv trur ikkje Jana Midelfart Hoff (H) at ho vil få noko særleg kritikk for at ho som skulebyråd har valt slik.

– For det første er det god høgrepolitikk at foreldre skal få velje det dei meiner er bra for borna, det er dette me ynskjer. Dessutan trur eg alle foreldre forstår at ein må sjå borna sine an, seier den ferske byråden til Bergens Tidende.

Då eldstesonen skulle byrje på ungdomsskulen valde Hoff og mannen å flytte han til den katolske privatskulen St. Paul i Bergen.

Høgrepolitikaren er sjølv katolikk og forklarar til BT at den religiøse profilen var avgjerande for valet.