Tommy Aarethun (24), nominasjonsnemnda i Lærdal Arbeidarparti sin ordførarkandidat, har trekt seg.

Truls Grane Sylvarnes, Porten.no
Truls Grane Sylvarnes, Porten.no

Saka var først hos Porten.no

Det fortel leiar i partiet Kristen Olav Grøttebø til Porten.no måndag.

Aarethun var i desember lansert som nominasjonsnemnda sin ordførarkandidat og Grøttebø var full av lovord om 24-åringen.

– Eg føler det er på tide at me fornyar partiet. Me må sjå framover, og då er tida inne no for å gjera det. Eg er ikkje i tvil om at han vil klara det, sa han då.

Bakgrunn: Tommy vil bli ordførar

Personlege årsaker
Men slik vert det ikkje. I romjula fortalte Aarethun nominasjonsnemnda at han ikkje ønskte å stå på toppen av lista.

– Det har skjedd ting i det siste som har gjort at eg valde dette. Det er personlege årsaker, opplyser Aarethun til Porten.no.

– Eg følte det var ryddig å gjera det no før progream- og nominasjonsmøtet. Og skal ein gjera dette, må alt vera riktig, seier han og avviser at han ikkje har følt seg pressa til å ta avgjerda fordi han er for ung.

LES OGSÅ: Vil ha nasjonalt ansvar for læringsmiljø

Forståing for avgjerda
Grøttebø vil heller ikkje kommentera saka noko nærare, men seier han og partiet har forståing for avgjerda.

– Han har grunnar til å trekka seg, og eg skjønnar det godt. Me har forståing for det han vel å gjera.

24-åringen skal framleis stå på lista til Arbeidarpartiet i Lærdal, men ikkje på topp. 

LES OGSÅ: Er du klar til å satsa, Torbjørn?

Ny kandidat klar
I romjula måtte difor nemnda jobbe med å hanke inn ein ny kandidat. Det blei nesten 30 år eldre Kåre Mentz Lysne.

– Me er kjempenøgd med han. Han er ein meget god kandidat. Når det først skulle bli slik, er me tilfreds med at det vart han. Me har god tru på han, seier Grøttebø.

Onsdag neste veka skal det stemmast over og avgjerast om Lysne får rolla som ordførarkandidat.

LES OGSÅ: Førstereisegut på Løvebakken

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE