For å utvikla seg som fotograf gjekk Jorun Larsen (31) inn i 2014 med det ambisiøse Prosjekt 365. Resultatet er blitt ei stor samling kreative fotografi, eitt for kvar dag gjennom heile året som gjekk.

Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen
Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen

Jorun Larsen (31) på Seimsfoss har skapt seg eit levebrød av kreativiteten sin. For to år sidan starta ho einmannsføretaket Hildring, og i tillegg til å utføra grafisk design jobbar ho som fotograf og tar frilanseoppdrag som journalist. Mot slutten av fjoråret bestemte Larsen seg for å gå inn i 2014 med den ambisiøse planen om å ta eit nytt bilde kvar einaste dag, året igjennom. Og då snakkar vi ikkje full fart-mobil-«snappar» av det ho har hatt til middag, siste innkjøpet til stova eller stemninga på venejulebordet. Prosjekt 365 er ei samling kreative, spennande og gjennomarbeidde fotografi.

– Korleis kom du på ideen?

– Eg og Lars Martin Teigen i fotoklubben snakka ein del om kva ulike fotoprosjekt som kunne vore kjekke å prøva ut. Eg kom fram til at eg hadde veldig lyst til å prøva å ta eit bilde kvar dag, og så heiv eg meg berre på det. Eg var ikkje kome langt inne i året før eg skjønte at dette kom til å bli svært krevjande å gjennomføra. Samstundes var eg veldig motivert, fortel Larsen.

LES OGSÅ: Historia i eit bilete

Tre uttrykksmåtar
Både fotoobjekt, motiv og omgjevnadar varierer stort i fotosamlinga, men einskilde fjes dukkar av naturlege årsakar opp oftare enn andre.

Dei tre borna Ellinor (5), Gaute (8) og Lena (13) har vore flinke fotomodellar i mamma sitt prosjekt. 
– Til å byrja med syntest ungane det var litt keisamt å stilla opp. Men etter kvart som tida gjekk, blei dei meir og meir begeistra for prosjektet, dei òg. Dei kom med idear til kva eg kunne ta bilde av, og byrja til og med å fotografera litt sjølv.

Jorun Larsen har særleg tre stilartar ho dyrkar som fotograf. Prosjekt 365 er ei god blanding av desse tre. 
– Eg er veldig tiltrekt av grafiske mønstre og liner, noko som viser att på mange av bilda mine. Så har eg òg ein kreativ uttrykksmåte, der eg manipulerer og leikar meg litt meir. Den tredje uttrykksmåten min er ein ærleg og litt dyster svart/kvit stil.

Kvar einaste dag har dagens bilde blitt publisert på ikkje mindre enn tre nettstadar; Instagram, Pinterest og bloggen hennar. Innimellom har ho òg delt bilde på Facebook. Mange har med spenning følgd Prosjekt 365, og sett fram til nye, inspirerande bilde kvar dag. 
– Det var utfordrande å skulle dela bilde kvar dag. Sommarferien var ikkje berre ferie, for å seia det slik. Eg måtte ha tilgang på internett, og ha datamaskin og usb-kabel med meg. I tillegg tok det jo tid å leggja det ut, noko som til tider kunne føra til frustrasjon.

På reiser har Larsen ofte valt å fotografera med mobilen i staden for eit stort, tungt kamera.  
– Det blir ofte mykje merksemd på utstyr, og einskilde kan kvi seg for å fotografera fordi dei trur dei har for dårleg utstyr – noko eg meiner er heilt feil. Mobilkamera er ofte meir enn godt nok, så lenge ein har eit spennande motiv, og lagar eit gjennomtenkt bilde. Ideen kjem før utstyret på prioriteringslista hos meg, og slik har det vore dette året også. 

LES OGSÅ: Reinen har blitt fotograf


Bilde frå august. (Foto: Jorun Larsen).

Ut av komfortsona
Som eit punktum for det omfattande prosjektet håpar fotokunstnaren at ho kan laga ei utstilling av bilda. 
– Det blir gjerne ei lita utfordring når ein skal laga til ei utstilling med heile 365 bilde. Men eg får finna fram til ein måte, smiler ho. 

Jorun Larsen har ingen fotoutdanning. Ho hadde faktisk ikkje vore borti nokon form for fotoopplæring i det heile før ho deltok på fotoworkshop med Øyvind Hjelmen i Halsnøy Kloster i haust. 
– Gjennom Prosjekt 365 har foto berre blitt viktigare og viktigare for meg. Det var då eg gjekk i gang med dette at fotointeressa tok til for fullt. Eg ville berre læra meir og meir, og reiste mellom anna på fotofestivalen Nordic light i Kristiansund, og til Fotografiska i Stockholm. Både for å plukka opp nye impulsar, men òg for å koma meg ut av komfortsona mi.

– Er du nøgd med resultatet av prosjektet?

– Eg er nøgd med heilskapen, men det er langt frå alle bilda eg synest er like bra. Det har jo vore eit veldig intenst prosjekt der eg har vore nøydd til å tenkja bilde kvar einaste dag, og på veldig travle dagar har det hendt at eg har måtte prioritert kvaliteten litt ned. Men spennande har det vore, og det blir jo nesten litt rart å skulle vera ferdig med dette. Truleg vil det kjennast litt tomt, i alle fall til å byrja med. Eg har jo òg sett pris på dei kjekke tilbakemeldingane eg har fått på bilda eg har lagt ut. Samstundes ville eg ikkje heldt fram med dette i komande år, for det har teke mykje tid, vedgår Larsen.

LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat


Bilde frå september. (Foto: Jorun Larsen).

Nye prosjekt
I løpet av dette året er det fleire og fleire som har lagt merke til den dugande fotografen Larsen har blitt. Gjennom firmaet Hildring tilbyr ho mellom anna nettopp fotografering, og brukar då eit gamalt grisehus heime på garden på Skeie som fotostudio. 
– Eg ønskjer meg elles eit større og meir egna fotostudio, og er på utkikk etter ein god plass til å ha dette, fortel ho.

Fotoprosjektet gjennom 2014 har gjeve Larsen meirsmak for liknande prosjekt, og ho ser ikkje vekk frå at ho tar til med nye slike no som Prosjekt 365 er i boks. 
– Eg tenkte eg mellom anna skulle prøva meg på ein fotografisk tolking av kjende eventyr. Skal eg tolka eventyr, må eg jobba både med sjølve tolkinga, men òg med teknikk og manipulasjon. Eg er veldig fasinert av eventyr, for dei viser oss at alt er mogleg, og at det er greitt å våga bryta grenser no og då.

Det var jo på mange måtar ved å våga bryta grenser Jorun Larsen enda opp som fotograf på toppen av alt anna ho driv med.

– Eg lurte veldig lenge på kva eg skulle bli som vaksen. Eg klarte ikkje velja det eine framfor det andre. Så kom eg fram til at eg ikkje trong velja, for ein kan jo gjera alt det ein har lyst til. Ein må berre våga, oppmodar ho.

Les saka i Kvinnheringen!

Her er eit utdrag frå emneknaggen #prosjekt365 på Instagram.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE