Ber folk om å plukke jervskit

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statens naturoppsyn (SNO) samlar inn jervskit og oppmodar andre til å sende dei skitprøver frå jerv i innsamlingsperioden, som er frå 1. januar til 1. juni kvart år. Ditt bidrag kan vere viktig i overvakinga av arten i Noreg og Sverige.

– Dersom du kjem over ekskrementar frå jerv på ferdselen din i naturen, så håpar vi at du plukkar den opp, legg den i ein plastpose og leverer den inn til SNO i ditt område. SNO overleverer prøvene til oss i Rovdata, og vi analyserer dei for DNA, forklarer Morten Kjørstad som er leiar i Rovdata i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Sp vil fjerne jegeravgifta

Rovdata har ansvaret for overvakinga av jerv i Noreg.

DNA-analysene blir mellom anna brukt til å finne ut om skitprøven er frå jerv, kva jerv den stammar frå, om jerven er kjend frå tidlegare og kva områder den nyttar. Analysane kan også brukast til å avsløre slektskapsforhold.

– DNA-analyser av skit- og hårprøver er i tillegg til dei årlege tellingane av valpekull hos jerv ein viktig medtode til å følgje jervebestandens utvikling og storleik over tid. Innsamlinga av jervskit gjer at vi kan følgje individ over fleire år og få ei oversikt over kor stor bestanden er, seier Kjørstad.

Han oppmodar turgåarar, jegerar og andre interesserte om å bidra i innsamlinga.

LES OGSÅ: Fryktar at nazibjørnar skal invadera Noreg

– Ta ein plastpose rundt handa før du plukkar opp skiten. Vreng plastposen rundt prøven og knyt att. Pass på at du ikkje er i kontakt med skiten med noko anna enn plastposen , og at det ikkje blir med for mykje snø eller is. Frys ned prøven så fort som mogleg, og lever den til ein av SNO sine rovviltkontaktar, seier leiaren i Rovdata.

På yttersida av eit jerveekskrement ligg det celler frå tarmen frå individet som har lagt frå seg avføringa, og i desse cellene er det arvestoff som er unikt for dette dyret. For at prøven ikkje skal bli forureina av anna DNA, er det viktig at den blir handtert på korrekt måte.

Les saka i Fjuken!