Siste krigsåret var heimen til dei 14 år gamle tvillingsystrene Bjørg og Else Bergland eit veritabelt motstandsreir. Dei to tenåringsjentene blei også dregne med i motstandsarbeidet.

Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad
Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad

Artikkelen var først publisert hos Vest-Telemark Blad

– Vinteren 1944 var vi «brevduer» for heimefronten i Skafså. Gjekk med brev som i løyndom skulle leverast til ein mann på Dalen, og ofte blei vi sette til å notere radiomeldingar frå London.

Det er Else Ibrekk, født Bergland og nå busett i Vrådal, som tek lesarane av Vest-Telemark blad 70 år attende i tid, til den gongen landet var okkupert av ei framand krigsmakt som dikterte nordmenns liv og kvardag.

– Frå den faste lytteposten vår på vedkassa kunne Bjørg og eg fylgje med i samtalane på kjøkkenet, der tvillingbrørne våre, Halfdan og Trygve, diskuterte felles oppgåver og arbeid med andre aktive motstandsfolk. Vi visste sjølvsagt at det vi fekk høyre der, måtte vi halde tett med og ikkje røpe. Men i ettertid forstår eg at det var godt vi var to om det, og at Bjørg og eg kunne prate og vera saman om dette. Far var heradskasserar, og på den tid hadde folk som han «heimekontor», så det var mykje trafikk heime på Krokane, og i krigsåra blei det ekstra mykje. Og alle ville prate …

LES OGSÅ: Djupdykkar i tungtvatnet

Tyske troppar
Else var ti år då krigen braut ut, og ho har eit klart minne om då tyske tropper i lastebilar og på motorsyklar i mai 1940 passerte gjennom Skafså på veg til kampane i Vinje. Etter at «Hannevigs krig» var over, stilna det av i Vest-Telemark, og i dei fyrste krigsåra var det heller lite å merke til krigen. Men det var eit hardt slag for familien på Krokane å få melding om at bror Olav, 22 år og tannlegestudent i Oslo, blei arrestert i Terbovens anslag mot universitetet og studentane.

– Særleg gjekk det hardt inn på mor som før hadde opplevd å miste ein son. Det var Helge som døydde i lungebetennelse åtte år gamal. Olav kom saman med andre studentar til konsentrasjonsleiren Buchenwald. Våren 1945 blei dei henta av Dei kvite bussane, men Olav hadde fått dysenteri og blei verande på eit svensk sjukehus til utpå våren.

LES OGSÅ: Kvinnegruppa Ottar Dahl vil ha meir historie i vidaregåande

Arrestasjonar
Tvillingbrørne Halfdan og Trygve hadde begge teke utdanning i det militære, og tyskarane ville ha tak i dei. Dei fekk ei adresse i Oslo, men då hadde dei to alt slutta seg til andre motstandsfolk og gått i dekning i heiane. Så kom tyskarane og henta far som også var mistenkt for å ha lytta på radiosendingar frå London hos Sigrid Haugeholmen på Mule. Ein av tyskarane kom bort til oss og spurde om vi trudde dei var barbarar. «Sei ja», sa far. Bjørg og eg gret da dei reiste med han til Kristiansand, men han kom att etter nokre dagar.

Også den yngste broren vår, Jon, blei arrestert og teken med til Bandak Hotell i den store razziaen i Vest-Telemark. Han hadde ikkje møtt til arbeidsteneste. Også han slapp heldigvis fri etter nokre dagar. Da brørne mine gjekk i dekning på Hardagervidda, veit eg det blei drøfta å ta oss to jentene med. Vi visste mykje, kanskje for mykje, og det skulle ein helst ikkje gjera under krigen. Men det blei heldigvis med tanken.

LES OGSÅ: Kulturhistoria på fem minutt

Flyslepp
Vinteren 44–45 budde det ein mann hos oss i lengre tid. Han skulle organisere heimefronten i Skafså og på Åmdals Verk. Om nokon spurde, skulle vi seie at det var ein sakførar frå Valdres som hadde fått nerveproblem. Mannen var frå Vinje, og eg har seinare fått vite at namnet var Tor Bø. Han hadde ein liten radio, og var han opptatt med andre ting, kunne han setje Bjørg og meg til å høyre på meldingar. Dersom særmeldinga «Røya falt i bekken» kom, så var det eit varsel om flyslepp. Då måtte karane til Gausbuområdet og ta i mot sleppet, som inneheldt alt frå våpen og ammunisjon til mat, drikkevarer og ymse utstyr.

Når karane skulle ut om nettene på slike turar, måtte dei ha niste, og Bjørg og eg steikte store haugar med vaflar til dei. Neste dag kunne det så hende at dei dukka opp med ekte kaffi til mor og sjokolade til Bjørg og meg.

LES OGSÅ: Folket som ventar

Gjennom isen
Etter kvart blei påkjenninga stor for mor, og heimefrontmannen flytta då over til Åmlid, og Bjørg og eg fekk jobben med å følgje folk på rett veg. Ein av dei siste gongene Bjørg følgde ein kar over isen, gjekk han gjennom og blei liggjande i råka. Etter mykje strev greidde ho å få han opp, og då dei kom til Åmlid, måtte han få tørre klede. Og på ei snor på kjøkkenet hengde han opp alle pengesedlane som var blitt våte. Så mange pengar hadde ikkje Bjørg sett på ein gong, sa ho etterpå. Det sto ganske bra til med heimefronten økonomisk. Dei fekk pengar frå London, og Bjørg og eg fekk ti kroner for kvart brev vi gjekk med til Sigvart Lie på Dalen

LES OGSÅ: 100 år gamal stille

Fred
Så kom endeleg 8. mai. Eg skulle i vedskjolet om morgonen, og brått sto Halfdan og Trygve der og fortalde at krigen var over. Som takk for innsatsen fekk Bjørg og eg vera med til Oslo då heimefronten reiste inn for å paradere for Kronprinsen. Og sist i mai kunne vi omsider reise til Dalen og møte Olav som kom frå Sverige på båten. Så var heile familien samla på Krokane etter fem vanskelege, tunge og spennande år. (Olav Bergland tok opp att tannlegestudiet og fullførte det. Han fekk etterkvart ein doktograd og blei ein internasjonalt kjend kjevekirurg.)

Men i alle år etterpå har Bjørg, som bur i Oslo, og eg stadig hatt ein diskusjon gåande. Kven var karen som gjekk gjennom isen? Den eine hevdar at det var Tor Bø – den andre er skråsikker på at det var Knut Haukelid!

LES OGSÅ: – Harald Hårfagre vaks opp i Sogn

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE