Her er dei beste kulturminne-kommunane
Riksantikvaren har laga ei liste over kven av dei norske kommunane som er flinkast til å forvalte kulturminna sine.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her er dei beste på kulturminne
Øvst på lista tronar Trondheim. Deretter kjem Moss, Kristiansand og Sandnes. Til saman 18 kommunar kvalifiserte til å liggje heilt i toppen av rangeringa.
Riksantikvaren har brukt data som kommunane sjølv har rapportert inn til KOSTRA for å rangere kulturminneforvaltninga til kommunane. Dei som skårar høgst, har ei medviten haldning til kulturminne som kommunalt politikkområde, og nyttar ulike verkemiddel for å sikre verdiane.
Målet med rangeringa er å motivere kommunane til å ta større ansvar for forvalting av kulturminna i kommunen, opplyser Riksantikvaren.
LES OGSÅ: Thea Hjelmeland sitt år
Dei beste kulturminne-kommunane:
Her er dei kommunane som har scora meir enn 8 poeng, og dermed er i kategorien «best»:
Trondheim 12
Moss 10
Kristiansand 10
Sandnes 10
Aurland 9
Marker 9
Hamar 9
Nore og Uvdal 9
Arendal 9
Leka 9
Asker 8
Stord 8
Skedsmo 8
Oslo8
Folldal 8
Kongsberg 8
Vinje 8
Suldal 8
LES OGSÅ: Mummitroll og øksedrap – forfattarane sine beste frå 2014
(©NPK)