Året du berre kan gløyme

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I romjula, når ein har altfor mykje tid og slekt, så kan det hende ein begynner å grunne over feila ein har gjort det siste året. Og kanskje lurer ein på om folk framleis husker det møtet der du kom med den utrulig teite kommentaren, eller om ein kjem til å bli invitert med på neste vennetur etter den kvelden i Dublin der du insisterte på å ta med deg den bronsestatuen på rommet.

Det beste du kan gjere med tida di då, er åsette deg ned åminne deg sjølv på kor lite du faktisk husker av store og viktige ting som har skjedd det siste året. Og såkan du slå deg til ro med at dersom du – som ærlig talt er relativt oppegåande – husker så lite om viktige ting, då må jo andre folk – som ærlig talt ikkje er fullt så oppegåande – huske minimalt av dei uviktige tinga som du har gjort.

Berre prøv sjølv. Eg har prøvd. Dette er slik eg husker 2014:

Året begynte nok med at statsministeren held nyttårstalen. Dette må ha vore den første nyttårstalen til Erna Solberg, så ho var nok nervøs. Kva ho sa, er uklart. Eg tippar ho var innom mobbing, pengar, helse, skule og verden.

Det var nok mykje ski og hopp i januar og februar. Usikker på om det var VM i noko. Hei, vent litt! Det var jo OL. I Russland, som vi forresten ikkje liker i det heile tatt. I Sotchi e.l.. Eg vil tru det var snakk om doping, og at Norge gjorde det relativt bra.

Det har heilt sikkert vore nokre skandaleoppslag om politikarar som er utan ryggrad og jobbar i PR-byrå. Og det har heilt sikkert blitt skrive moralske kommentarar om dette i aviser, sannsynligvis av journalistar og redaktørar som seinare har begynt i PR-byrå. Men dette får eg ingen premiar for å tippe. Dette skjer kvart år, minst.

Har det vore andre skandalar i år? Frå politikken husker eg desse overvåkingsgreiene, og asylbarna, og justisministeren som er litt ute og syklar. Men det skjedde jo no nettopp, så det er ingen kunst å huske det. Og ingen er tente med at egoa til journalistar som avslører overvåking blir endå større, så eg seier ikkje meir om den saka.

Det har vore strid om Nobelkomiteen, men det skjer ogsåofte, og det skjedde nettopp, så det tel heller ikkje. Og nei, eg husker sjølvsagt ikkje namnet på han andre som fekk fredsprisen i år.

Senterpartiet krangla, om eit eller anna, og han fyren som ikkje heiter Slagsmål vann, og sidan den tid har han vore i kjempehumør sjølv om det er liten grunn til det.

I Frp har det ogsåvore litt greier: Per Sandberg hadde gitt seg, men gav seg ikkje likevel. Tybring-Gjedde finst framleis, og er framleis ikkje i plagsomt overberande humør. Siv Jensen verkar litt irritert over at ikkje alle desse andre i FrP berre kan halde kjeften sin og la henne sitte på kontoret sitt og rekne i fred.

Det har gått litt nedover med regjeringspartia på meiningsmålingane. Bombe. Det har gått litt oppover med Ap no når dei slepp å regjere. Bombe. Det har dessutan komme så pass mange bøker om Jonas Gahr Støre at han har eige bord i mange bokhandlar.

Det kom ogsåei bok om Erna Solberg, trur eg, der det stod at ho ikkje alltid har vore topp-politikar. Ho har også hatt kjærastar.

Reservasjonsretten? Var det i år? Eg trur det. Mange var glade for åendelig få lov til ådiskutere noko sånt som abort og religion igjen. Det er liksom litt lettare å vite kvar ein står i sånne spørsmål.

I mai var det Eurosivion. Dama med skjegg vann. Det husker eg. Eg er ikkje heilt blåst.

I sommar var det fotball-VM. Tyskland vann, og slo arrangørlandet Brasil tusen null i semien.

Lærarar streika. Og song streikesongar som aldri slutta, overalt heile tida.

Det blei bestemt at det ikkje blir OL i Oslo i vår levetid.

Petter Northug køyrde i fylla. Mange skreiv om det i avisene. Dei fleste var imot.

Landbruksministeren, som gradvis blir mindre og mindre sunnmøring, krangla med bøndene. Bombe.

Såblei Stoltenberg generalsekretær i NATO. Og vi var litt stolte.

Meir enn det har eg ikkje. Og eg husker nesten ikkje kvifor noko av dette skjedde, eller korleis det enda.

Så ein kan trygt slå seg til ro med at folk neppe husker dei uviktige dumme tinga ein sjølv gjorde det siste året.

Sant er det sjølvsagt ikkje. Men ein kan slå seg til ro med det.

 

Først publisert i Aftenposten 27. desember.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!