Den audmjuke 21-åringen frå Hafslo skal synga for heile landet på julafta. Fram til det ordnar han tette røyr.

Einar Bolstad (21) frå Hafslo er røyrleggar, og ein ganske vanleg fyr frå Indre Sogn. Fåmælt, audmjuk og roleg. Han likar ikkje å skryta av seg sjølv, men han har kanskje god grunn til det. For når Bolstad legg frå seg verktøybeltet tek han på seg ein dress og syng det han sjølv likar å kalla «power-balladar» – klassiske sangar som O Helga Natt, til dømes.

Julafta skal han gjera dette på riksdekkjande fjernsyn, når Julelutt blir sendt på NRK.

Ein syngande røyrleggar
På ei Vegkro i Indre Sogn et Einar Bolstad lunsjen sin, ein fredag i desember. Han kjem inn, litt forsinka, og beklagar seg høfleg. Noko av det første han gjer er å avvisa samanlikninga med ein annan syngande røyrleggar – Kurt Nilsen.

– Nja, det er no ikkje heilt det same. Han held eit mykje høgare nivå, seier Bolstad.

Så ja, Einar Bolstad er audmjuk. Likevel har han på kort tid erobra store deler av Indre Sogn med sangstemma si, ei stemme som fyller rommet og stoppar tida. Nyleg opna han Julelutt-konserten til NRK Sogn og Fjordane, og på sjølvaste julafta skal denne konserten sendast på fjernsyn i heile landet.

– Men altså, eg er jo ein syngande røyrleggar. Det er sant, skyt Bolstad inn.

LES OGSÅ: Heimelaga skattar under treet

Eit bratt år
Musikken starta Bolstad med då han var rundt 14 år, og spelte i band med ein kompis som heiter Leon.

– Då spelte me country. Det er liksom det som er musikk for meg, men eg passar kanskje ikkje heilt til det. Leon meinte eg burde byrja på klassisk sang i Sogndal. Då starta eg, midt i stemmeskiftet. Det gjekk bra då, seier Bolstad.

Sidan den gong har han brukt sangstemma. Favoritten å framføra har blitt O Helga Natt, og idolet er Josh Groban. Sjølv om han starta for 6 år sidan, er det først i år han har tatt steget på scena åleine.

– Det er først no eg har hatt repertoaret til det, eigentleg, fortel Bolstad.

Han fortel at det var sanglæraren som oppmoda han til å halda konsertar åleine. Den første holdt han åleine i år, og sidan då har kurva vore bratt. Han har fort blitt eit namn ein snakkar om i lokalmiljøet, no har han fleire konsertar ulike stader i fylket – og så opnar han Julelutt på NRK julafta.


Vegen er lang mellom sangaren som sjarmerer heile landet og røyrleggaren Einar Bolstad. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Du vil ikkje tru kva han fekk i gryta

Ei lysande framtid
Julelutt-konserten vart arrangert tidlegare i desember, og bak står NRK Sogn og Fjordane og Stian Sjursen Takle. Han har mykje godt å sei om Bolstad.

– Einar Bolstad har ei lysande framtid dersom han vil. Eg blir meir og meir imponert over måten han syng med innleving og tyngde. Han skapar rett og slett vakre augneblink, og var den perfekte opninga på julekonserten vår, seier Sjursen Takle.

Slikt skryt påverkar ikkje Einar Bolstad nemneverdig. Han blir litt brydd.

– Det er skikkeleg moro å høyra, men eg prøver å ikkje ta det til meg. Eg har ikkje trua på ei lysande framtid sjølv. Det hadde sjølvsagt vore moro, men nålauget er så utruleg trongt. Det er vel tryggare å halda seg til å vera røyrleggar, seier Bolstad.

– Har du lyst til å satsa?

– Jo. Men så har eg og starta på fagskule i Førde, og det er tre år til eg er ferdig der. Det er litt lenge.

Men er det av praktiske hensyn? Eller har du ikkje trua sjølv?

– Det er vel litt av begge deler. Sjølv om responsen er solid på julafta, vil ikkje det endra tankegangen. Ein må verkeleg villa det, om ein skal satsa på dette. Og eg har vel ikkje fått det sparket bak endå.

– Eg får sjå. Eg er usikker på det meste, legg Einar Bolstad til.

LES OGSÅ: Grønt og etisk – også under juletreet

Om å synga i dusjen
Vegen mellom røyrleggar-jobben og sangen er lang.

– Er det ein vanskeleg balanse?

– Nei, det går veldig fint. Dei eg jobbar med tykkjer og det er artig, trur eg. Dei har i alle fall ikkje sagt noko.

– Øver du på jobb?

– Nei, det blir dårleg med det.

– Men du syng i dusjen?

– Jaja, det gjer eg. Men eg har aldri sunge i dusjen til kundar.

LES OGSÅ: Pyntar treet vekesvis før veslejulaftan

Berre eitt juleønskje
– Å spela på Julelutt var heilt spesielt, fordi det var så profesjonelt. Det er ikkje slikt ein er vand med.

Bolstad fortel at det vart litt ekstra nervepirrande å vita at konserten vart filma.

– Det blir litt annleis når det skal vera så ordentleg. Eg blir alltid så nervøs, men det går over i løpet av dei aller første linjene.

– Har du nokon ritual for å komma over nervene?

Nei, det er berre å køyra på.

Einar Bolstad er ikkje ein materialistisk type. Svaret på kva han ønskjer seg til jul kjem fort.

– Ingenting. Eg har alt eg treng.

– Ikkje ein million sjåarar julafta heller?

– Ja, det hadde vore fint!

Julelutt blir sendt på NRK1 julafta klokka 21.45.

LES OGSÅ: Reisa frå julestjerna

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

ANNONSE