Neste jul kan du sjå Askepott, Jurášek og Rozárka i klarare fargar og skarpare bilete.

NPK
NPK

Den tsjekkiske juleklassikaren «Tre nøtter til Askepott» skal digitaliserast.

Filmen er ein av ti tsjekkiske filmar som får EØS-midlar til digitalisering. Dei ti filmane vart valt frå ei liste på 200 tsjekkiske filmskattar. Noreg bidreg med 7,3 millionar kroner til digitaliseringsprosjektet, melder Regjeringa.

LES OGSÅ: Show i tunnelen

Den tsjekkoslovakisk-austtyske filmen «Tre nøtter til Askepott», eller «Tri orísky pro Popelku» som han heiter på originalspråket, er ein del av juleritualet for mange nordmenn.

– Det er fantastisk at Noreg og Tsjekkia deler denne filmen som ein del av vår felles kulturarv, seier prosjektleiar Anna Batistova ved det tsjekkiske filmarkivet.

I dag er filmen lagra på fem tunge filmrullar, som til saman er to kilometer lange.

Negativa skal reinsast, pussast, reparerast og digitaliserast.

– Den digitaliserte versjonen kjem til å skape ei heilt ny oppleving for sjåarane, og vil liggje tett opp til korleis filmen var ved premieren i 1973, lovar Batistova.

LES OGSÅ: Deler sine beste julegåvetips

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE