Show i tunnelen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det går bra! Eg har nettopp blitt pappa, og er akkurat ferdig med nytt album. Det rakk eg å senda i trykken dagen før sonen min kom til verda, seier Egil Olsen, og smiler.

Sjølv om han no har blitt pappa for første gong, er ikkje albumet som kjem ut 20. mars til neste år eit album om det å bli far.

– Snarare tvert imot. Det er heller ei plate om å tvila, og om å ikkje ha tru på noko. Det er tankar som gjorde at eg fann ut at det var på tide å putta noko ordentleg i livet mitt, som til dømes eit menneskje, seier Egil Olsen om avgjersla om å bli pappa.

Slik var det ikkje for eit år sidan. Då skreiv han mellom anna låta «About To Leave», om å skilja seg, rømma frå alt og øydelegga livet, fordi det var ein kul ting for ein singer-songwriter å gjera. «About To Leave» kjem saman med fleire andre låtar på det som blir Egil Olsen sitt mørkaste album til no.

LES OGSÅ: Egil Olsen – no òg i dataspel

I ein låve utanfor Oslo
Egil Olsen har budd på Grünerløkka i Oslo i mange år, fast bestemt på å aldri få ungar, og berre fokusera på arbeidet. Så flytta han til Nesodden utanfor Oslo, og bygde eit mørkt og lydtett studio i ein låve.

– Eg gjekk inn der med ein idé om å skriva noko heilt lett, som for ein gongs skuld ikkje handla om meg sjølv. Så laga eg mange songar som sikkert er fine, men som gav meg veldig lite. Då kasta eg alt, starta på nytt og tenkte; kva er det som plagar deg heile tida, kvifor er du så vanskeleg med deg sjølv og andre?

Det vart til ein mørk prosess, ei reise i eige kjensleliv. Det tok rundt eit år, og gjorde at dei lystige songane som pleier å vera på eit Egil Olsen-album måtte kuttast vekk.

– Det er ikkje akkurat ein kjekk prosess, seier Egil Olsen. Og så ler han.

LES OGSÅ: Egil Olsen i verdsrommet
«Tears of a clown»
Egil Olsen har gitt ut tre studioalbum og eit livealbum som heiter «The Egil Olsen Show». Slik har det blitt etter kvart – ein konsert med Egil Olsen er meir enn musikken. Det er eit show, stappfullt av humor som kjem i kontrast til den ofte tunge musikken.

– Det var aldri planlagd at det skulle bli eit show. Eg har funne ut at det var eit forsvar, som kom då eg starta å spela åleine med berre meg sjølv og gitaren. Det er ubehageleg å synga i falsett om livet sitt og om relasjonar, kanskje spesielt om det sit nokon du kjenner i salen. Når ein gjer skumle ting må ein kompensera, og då vart det humor.

Humoren, og kanskje kompensasjonen som følgjer med, er ein del av livet til Egil Olsen, ikkje berre konsertane.

– Heile livet har blitt slik, kanskje i litt for stor grad. Eg har ein tendens til å kødda med alt, seier han. Raskt etterfølgd av ein noko nervøs latter.

– Humor er ein av mine favoritting, nettopp fordi det er noko melankolsk i det. Eg ser det i alle komikarar, at det er noko trist bak det. Robin Williams, som tok livet sitt i haust, sa det vel best sjølv – at komikar er den einaste jobben du kan vera sinnsjuk i på ekte. Det likar eg, legg Egil Olsen til og ler litt meir.

LES OGSÅ: Du vil ikkje tru kva han fekk i gryta

– No skal me ta det endå lenger ned
Sjølv om den nye musikken til Egil Olsen er mørkare enn før, skal ikkje showet endra seg noko særleg. Men det er litt vanskelegare å finna balansen.

– Eg slit litt med å introdusera nokon av dei nye songane på ein annan måte enn; «Beklagar, men no skal me ta det endå lenger ned. Ja, eg veit det er mørkt. Unnskyld». Men det finst mange historier bak songane, så det gjeld å finna det som er gøy og interessant. Heilheita i konsertane er nok mørkare no, men eg trur det kan gjera dei lettare delane endå artigare.

Han er den same personen som han var før, trass i reisa gjennom ein mørk tunnel. Kanskje er han berre endå meir seg sjølv. Men det er klart det er mørkt.

– Eg har byrja å ta ein av songane på nynorsk, faktisk. Det er kanskje den aller tristaste. Eg tenkte på korleis eg kunne gjera dette endå tristare, og svaret var sjølvsagt nynorsk. Eg proklamerer han som poesi medan bandet spelar i bakgrunnen.

LES OGSÅ: Grønt og etisk – også under juletreet

Kasta ut av Kina

Egil Olsen er, av alle ting, stor i Kina. Slik vart det ganske tilfeldig.

– Det byrja vel med at nokon ga ut ein av platene mine i Japan. Og den spreidde seg litt i Asia, til ein fyr frå Kina som var veldig dårleg i engelsk, sendte meg ein e-post. I den sto det «We want to release your albums. When can you tour». Så eg svarte at eg var ledig rundt mai, og fekk tilbake «Ok. Here are shows», og ei liste med 18 datoar. Det heile var veldig direkte, og eg tenkte det var heilt topp, men reiste ned med litt skepsis.

Egil Olsen tek ein slurk av kaffikoppen på Parkteatret. Ein cappuccino.

– Det viste seg at plateselskapet hadde gjort ein veldig god jobb, og den første konserten var utseld med 800 fans som kunne alle songane mine. Det var mykje større enn eg trudde på førehand. Me gjorde berre ti konsertar då, før me vart kasta ut

Den siste setninga vart levert som om det var sjølvsagt. Turnéen i Kina vart avbroten halveges av myndigheitene.

– Det er ein regel i Kina om at all utanlandsk kultur og skriftleg lyrikk skal leverast inn til myndigheitene og godkjennast. Det er ein regel som kom til etter at Björk hadde uttalt seg om Tibet for nokre år sidan. Det er umogleg å følgja opp, sidan det er så mange konsertar, så ingen gjer det, utanom dei aller største. Men politiet byrja å følgja etter oss på turnéen, og kom med ei bot etter ein konsert. Etter neste konsert kom dei med ei bot som var dobbelt så stor, og dei sa dei skulle halda fram slik heile turnéen. Så me ga opp og reiste heim. Plateselskapet meinte at dei sikkert var ekstra vanskelege fordi eg kom frå Noreg.

Til våren skal Egil Olsen på ein ny turné i Kina. Denne gongen er han sikker på å levera inn tekstane sine på førehand.

LES OGSÅ: Pyntar treet vekesvis før veslejulaftan

Di første jul
Julefeiringa som no kjem blir annleis for Egil Olsen og familien. Det er sonen, Balder Leonard, som er avgjerande, men han er ikkje det einaste som er annleis. Dette blir og den første jula i eigen heim, litt utanfor Oslo.

– Eg trur det blir ei veldig roleg jul. Ein nyfødd baby er verkeleg roleg, og i tillegg har eg to mopsar som ligg på golvet og snorkar. Det blir deilig, eg gler meg veldig til denne jula. No skal me endeleg gjera det på vår måte.

Endringane gir jula ei ny meining, fortel Egil Olsen.

– Eg følte eg hadde vakse litt frå jula, men no gler eg meg. Og eg gler meg endå meir til dei som kjem, når Balder veks opp. Eg har allereie klatra i tre og hengt opp julelys. Det gjorde eg ikkje i fjor. Eg likar det.

Egil Olsen smiler litt til. Og ler.

LES OGSÅ: Reisa frå julestjerna