– Litt liv må me ha.

Når mørket har lagt seg kan ein sjå eit digert juletre gli over innsjøen Nisser i Telemark. Og det er nissen sjølv, som styrer skuta.

– Eg likar å bidra og få ting til å skje i eit slikt lite samfunn. Litt liv må me ha, seier Gerhard De Ruiter.

I heile desember har han spreidd juleglede som nisse på Noregs minste kabelferje, som går mellom Fjone og Sundsodden i Telemark.

Ferjenissen bekreftar Framtida.no sin mistanke om at nissen faktisk kjem frå Nissedal – telemarkskommunen som har tre nisseluer i kommunevåpenet.

Det er nemleg ikkje alle nissar som flyr rundt med reinsdyr. Nokon er meir vande med sjøen.

LES OGSÅ: Marsipangrisen og andre julesvin

Dei små set pris på godteri og underhaldning under ferjeturen. Foto: Kent Jensby Sørensen

Den store nissefesten
I sommar tok 60-åringen over som styrmann på M/F «Nissen», som er ein del av Fylkesveg 354 over Nisser. Ferjeruta vart oppretta allereie i 1947 og er i dag i drift frå sommaren og ut året.

Denne jula fekk Gerhard De Ruiter ein – bokstaveleg talt – lysande idé.

Den 1. desember arrangerte Gerhard De Ruiter juletretenning av med gåveutdeling på ferja. Etterpå fekk både barn og vaksne vere med nissen på tur – noko som vart stor suksess.

– Folk vert veldig glade og overraska – både for nissen og treet, fortel mannen, som ikkje kan skildrast som noko anna enn ei eldsjel i lokalsamfunnet.

LES OGSÅ: Her er julesongane musikk-Noreg høyrer på

– Eg var ikkje særleg sjøvand, før eg byrja på ferja, medgjev ferjenisse Gerhard De Ruiter. Foto: Kent Jensby Sørensen

Erfaren nisse
Nederlendaren hadde feriestad i Nissedal, før han flytta til Noreg permanent for 12 år sidan.

Allereie for 20 år sidan – før han gjorde skikkeleg nissedøl av seg – hadde Gerhard oppdrag som nisse på Fjone skule. Nissedrakta har òg gjort jobben sin som hotellnisse, marknadsnisse og ein heilt privat husnisse. Det er den same drakta, ferjepassasjerane no får glede av.

Han liknar meir ein god gamaldags fjøsnisse, enn ein Coca-Cola-nisse. 

Og sjølvsagt køyrer ikkje nissen tomhendt.

– Om nokre barnefamiliar kjem, tek eg på meg drakta og gjev godteri til barna, forklarar Gerhard.

Ferja har daglege avgangar mellom klokka 07.00 og 21.00, og nissen medgjev at han ikkje har drakta på heile tida.

Men han er ikkje vanskeleg på det, dei som vil kan ringe og bestille ein nissetur.

Å vera fleksibel, er ein viktig eigenskap for ein god nisse. I tillegg må ein smila og vera glad, kunne springe og danse, forklarar Gerhard, som heller ikkje skyr unna for ein juletrall med dei minste ferjepassasjerane.

LES OGSÅ: Dei beste tipsa til julemat

Gryande tradisjon
Og nissedølsnissen bekreftar allereie no at suksessen vil bli gjenteken til neste år.

– Kanskje me kjem til å utvikla det og gjera det enno betre, seier nissen lurt.

LES OGSÅ: Du vil ikkje tru kva han fekk i gryta

Slik ser det ut når juleferja glir over Nisser. Foto: Kent Jensby Sørensen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE