Rytmeboks, elsykkel eller kanskje rett og slett opplevingar? Her er nynorskkjendisane sine beste gåvetips til jul.

Andrea Nøttveit, Anders Veberg, Tora Hope
Andrea Nøttveit, Anders Veberg, Tora Hope

Me bruker stadig meir pengar på julegåver. I år vil kvar nordmann i snitt vil bruka over 10.000 kroner på julegåvene. Det er ny rekord, ifølgje Virke.

Men treng ein eigentleg bruka så mykje?

Me har spurt eit knippe nynorskkjendisar etter julegåvetips, kva gåver som har slått fullstendig feil og kva dei bruker på julehandelen.

LES OGSÅ: Grønt og etisk – også under juletreet

Thea Hjelmeland tykkjer rikdommen og overfloden i jula har teke litt av, men har inngått eit kompromiss med mor. Foto: Tora Hope

Gjevargleda
Thea Hjelmeland har i år vorte nemnt på dei fleste norske musikkanmeldarar sine topplister for 2014. Andreplata «Solar Plexus» har verkeleg fått 27-åringen frå Førde på alles lepper. Kanskje vert plata liggjande under nokre norske graner. Men kva ynskjer ho seg sjølv til jul?

Eg har eit ambivalent forhold til jula. På den eine sida er eg oppteken av felleskapen. Samstundes tykkjer eg vår enorme rikdom og den materielle overfloden knytt til jula er utfordrande. Helst ynskjer eg meg ingenting. Eg har alt eg treng, men eg snakka med mamma om det, og ho meinte at det er urettferdig mot dei som vil gi å ikkje ville få. Så vi inngår kompromiss. Eg ynskjer meg helst praktiske ting som eg treng uansett eller noko som kan resultere i nærvær og tid saman, som eit spel.

Kva er ditt beste julegåvetips?

Mitt beste tips er å gi vekk ei oppleving, til dømes konsert- eller kinobillettar. Ein heilaftan med middag og konsert er ei fin gåve. Når det gjeld materielle ting, kan ein finne ut kva ting folk manglar og treng.

Kva er den beste julegåva du har fått nokosinne?

Det beste er å få noko heimelaga, som då lillebror min var yngre og gav meg ting han hadde laga på skulen, eller når eg får noko bornet mitt har laga sjølv. Det er det same kva det er – tanken på at nokon har sete og skapt noko og tenkt på meg, tykkjer eg er rørande.

Kva er den beste julegåva du har gitt vekk?

Då eg var yngre og hadde jobba med ei gåve på skulen i mange månadar i handverksarbeid gledde eg meg veldig til å gje dette i gåve. Halde det hemmeleg og finpusse og legge ned arbeid for å så gje det vekk. Spaninga var så fysisk i meg  det var like mykje ei oppleving for meg som for mottakaren. Så eg trur at det finaste eg har gitt er noko eg har laga sjølv og brukt tid på å lage og glede meg til å gje.

Kva er den dårlegaste julegåva du har gitt?

Eg har aldri gitt vekk ei gåve eg sjølv tykkjer er dårleg. Intensjonen har alltid vore å gi noko bra. Det har likevel hendt at eg har kome på besøk til folk og sett at julegåva eg har gitt ikkje er teke i bruk. Då kan eg bli litt lei meg, men eg tenkjer at det seier meir om overflodssamfunnet vi lever i enn om personen som har fått gåva.

Kor mykje pengar brukar du på julegåver?

Så lite som mogleg. Eg tykkjer det er vanskeleg å balansere mellom å bevare spaninga knytt til jula og det å bryte ned forbrukarsamfunnet. Tenk på alt som kan kjøpast. Til og med eg med mi kunstnarinntekt kan kjøpe nær sagt kva som helst. Etter at eg fekk born har eg vorte endå meir oppteken av å verdiane knytt til jula. Vi snakkar om det og prøver å gjere jula mindre materialistisk i praksis.

Samstundes – i år vert dette nesten eit lurespørsmål, for no har eg ei plate eg kan gi vekk.

LES OGSÅ: Heimelaga skattar under treet

Forfattar Aina Basso vert ikkje lei av bøker. Foto: Tov K. Breistein, Samlaget

Bokormen
Det kjem kanskje ikkje som noko overrasking at forfattar Aina Basso sitt beste julegåvetips er bøker.

Anten det er biletbøker, barneromanar, ungdomsromanar, novellesamlingar, kortprosa, lyrikk, romanar for vaksne, krim, lydbøker, ebøker, kokebøker, prydbøker, fagbøker. Rådet er: Køyr på!

Men kva ynskjer du deg sjølv til jul?

– Eg er komen dit at eg ikkje ønskjer meg så mykje, lenger, så det går i praktiske ting. Deilige ulltrøyer og nytt bestikk. Ja, og så eit par bøker då, så klart. I år har eg mellom anna ynskt meg Alf van der Hagen sine intervjubøker med Kjell Askildsen og Dag Solstad.  

Kva er den beste julegåva du nokosinne har fått?

– Den gongen eg fekk keyboard med rytmeboks av storebrørne mine. Eg kan vel ha vore ni-ti år. Det var starten på mi musikalske karriere, som varte ei stund, men no, trist nok, har teke kvelden. 

Kor mykje pengar brukar du på julegåvene i år?

– Uff, det vil eg ikkje rekne på. Vi er blitt ein stor familie etter kvart, så sjølv om eg ikkje kjøper det dyraste eg kan finne, blir det likevel ein del tusenlappar til saman. 

LES OGSÅ: Tips til alternative julegåver

Singer/songwriter Egil Olsen med hunden Hellboy, som ein gong stod modell for den beste gåva musikaren har gitt. Pressefoto

Homemade from Ørsta
Singer/songwriter Egil Olsen feirer i år si fyrste jul som småbarnsfar i ny heim på Nesodden. Til sine kjære gir musikaren frå Ørsta helst heimelaga julegåver eller noko spiseleg.

– Eg likar ikkje å kjøpa intetsigande gåver, berre for å kjøpa noko. Eg plar kjøpa litt fancy mat, for det må folk bruka opp. Det blir ikkje berre liggande i ei skuff.

Kva ønskjer du deg til jul?

– Eg har ikkje laga liste, men eg ønskjer meg alltid vinylplater. Det er enkelt å gi, og ein passeleg sum å bruka på meg. Elles tippar eg me kjem til å få ein del hus-ting. Me treng eigentleg alt, og endeleg har me plass til alt. Men utanom det er det ikkje noko særleg eg ønskjer meg.

Kor mykje brukar du på julegåvene?

– Eg er ikkje ein sånn som set av ein sum. I familien, til onkelbarn og slikt, set eg kanskje av 200 kroner, så held eg meg kanskje rundt der. Når det gjeld kone, foreldre, barn og hundar, så tenkjer eg ikkje så mykje på det.

Hellboy-høgtalar
Olsen tykkjer det er «crazy kor mykje dei vil ha oss til å bruka», og prøver å stå imot kjøpepresset med heimelaga gåver.

– Eit år mala eg bilete til alle barna i slekta. Det var gøy, og veldig populært. Eg kjøpte firkanta lerret, og malte ting eg visste dei tykte var kult. Det har dei på romma endå.

Han nyttar òg jula til å snika inn litt lærdom hjå dei yngste, til dømes med bøker om korleis lage teikneseriar.

Kva er den beste gåva du har gitt?

– Eg har ofte teikna, og generelt det ein lagar sjølv. Ei barselgåve til ein kompis er det eg er mest nøgd med. Då sydde eg Hellboy, den eldste mopsen vår, i stoff – sjølv om eg ikkje kan sy – til ein bamse. I den putta eg ein liten iPod og ein minihøgtalar, der eg hadde lagt inn ti av mine songar i babyversjonar. Det var bestekompisen min som fekk sin første baby for eit år sidan. Eg tykte det var veldig kult, og den vart veldig populær. No er nummer to på veg, og eg har lova han ein ny, med nye songar.

Grusglas og heimelaga hits
Barnebokforfattar Maria Parr ynskjer seg noko så enkelt som at alle rundt ho skal ha det bra. På gåvefronten set ho like mykje pris på tanken bak, som den faktiske gåva.

Kva er den beste julegåva du nokosinne har fått?

Den jula i ungdomen då bror min var blakk og gav meg grus på glas frå ein kjær plass trumfar det meste. 

Sjølv tykkjer ho at den beste julegåva ho har gitt er eit av sløydmeisterverka i gamledagar, med svipennmotiv.  

Kva er den dårlegaste julegåva du har gitt?

Statoil-gåver innkjøpt veslejulaftan blir aldri bra.  

Kor mykje pengar brukar du på julegåvene i år?

Det veit eg ikkje, men eg synest sjølv det er kjekkast å få ting som folk har laga sjølv og gjerne slikt som kan etast. Difor prøver eg å tenkje litt slik når eg gir også. Det digre berget av ting vi gir og får i jula synest eg er vanskeleg å tenkje på.

Så difor er hennar beste tips:

Eg har sansen for alt som kan etast! Jula er tida for å kose seg med god mat.  

Ragnar Hovland er el-frelst. Foto: Herborg Pedersen, Samlaget

El fantastico
Forfattar Ragnar Hovland unner alle ein elsykkel. Sjølv har han eit slikt framkomstmiddel, så det er andre ting som står på ynskjelista i år:

  Heimestrikka sokkar frå mor mi og ei flaske brennevin.

Kva er ditt beste julegåvetips?

  Elektrisk sykkel. Når du først har prøvd han, vil du aldri stige av.

 Kor mykje brukar du til vanleg på julegåvene?

Nesten ingenting. Eg lagar dei stort sett sjølv eller gir vekk gratiseksemplar av bøker eg ikkje har bruk for.

Kva er den beste julegåva du nokon gong har fått?

– Ein melodica (i 1968). Far min lånte han i mange år for å øve inn salmar før gudstenesta.

Kva er den beste julegåva du nokon gong har gitt?

 Ein elektrisk sykkel.

For dei fleste er kanskje Ragnar Hovland sitt julegåvetips ei i overkant dyr gåve, enno.

Men jula nærmar seg, så det er berre å køyre på, anten det vert el-sykkel eller noko litt mindre under treet.
 

Les siste julenytt her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE