Eit breitt fagmiljø stiller seg bak SUSS-telefonen, og går saman for å redda tilbodet.

mm
Faktaboks

Nasjonalt nettverk for seksualundervising er ei samling av organisasjonar som jobbar for betre seksualundervising i Noreg.

I nettverket er:
Raude Kors Ungdom
Sex og Politikk
Skeiv Ungdom
Rosa Kompetanse
Sex og Samfunn
Medisinaranes seksualopplysing Oslo
Redd Barna
Bekymringstelefonen – Vaksne for barn
Stiftinga Amathea
Helsestasjon for lesbisk, homofil, bifil og trans ungdom (13-30) år.

Nettverket har no samla seg for å redda SUSS-telefonen, og har sendt eit skriv til Helse- og omsorgsdepartementet.

LES FAKTALUKK FAKTA

Raude Kors Ungdom står i spissen for eit fellesskriv frå Nasjonalt nettverk for seksualundervising, som blir sendt til Helse- og Omsorgsdepartementet (HOD) i desse dagar. I nettverket er mellom anna Redd Barna, Skeiv Ungdom og Sex og Politikk, som ønskjer å få SUSS-telefonen tilbake.

– Det er eit nasjonalt lågterskeltilbod for ungdom med spørsmål om alt, alle ulike og viktige problem ein ikkje torer å ta opp andre stader, seier Ingeborg Solberg i Raude Kors Ungdom, ein av eldsjelene bak fellesskrivet.

LES OGSÅ: Facebook-aksjon for SUSS-telefonen

Vanskelegare på mindre stader
SUSS-telefonen har fått fleire støttespelarar etter at den vart lagt ned. Ei Facebook-side vart oppretta for å skapa blest rundt nedlegginga, der talet på tilhengjarar stig dagleg.

Idéen om å gå saman slik om eit skriv kom frå Kaja Hegg i Redd Barna.

– Eg såg Facebook-sida og tenkte at dette er ei ekstremt viktig sak, spesielt sidan tilbodet er landsdekkande. Her i Oslo kan ein oppsøka ulike stader for å ta ein sjekk eller snakka om intime tema. Men på mindre stader er det vanskelegare å ta opp slike ting, og behovet er større, seier Hegg.

Viktigheita av den nasjonale dekninga er noko Ingeborg Solberg og trekk fram.

– Det er ikkje vanskelegare å ringa frå bygda enn det er å ringa frå Oslo. I Oslo er det mange tilbod frå før, men slik er det ikkje overalt.

Solberg peikar på at det er stor skilnad i dekninga av helsetilbod og kompetanse ulike stader i landet.

– Til dømes i Ringsaker, der eg kjem frå, er Helsestasjon for Ungdom open frå 9 til 15, medan eg er på skulen. Alternativet er ei helsesøster som er innom skulen to timar i veka. Dessutan er terskelen lågare for å ringa enn å faktisk møta opp, seier Solberg.

LES OGSÅ: Angrepille vert brukt som prevensjon

Mindre aktuelt
Helsedirektoratet meiner ikkje den geografiske spreiinga er god nok til å halda tilbodet levande.

– Det geografiske nedslagsfeltet blant ungdom på landsbasis er langt meir avgrensa i dag enn for ti år sidan, seier Eller Margrethe Carslen, direktør for Avdeling for oppvekst og aldring, i ein e-post til Framtida.no

Hovudargumentet er likevel at SUSS ikkje er kostnadseffektivt nok. Ifølgje Helsedirektoratet kostar eit svar frå SUSS 353 kroner, medan eit besøk kostar 46 kroner. Då er alle kanalar rekna med, inkludert nettside og Juntafil på NRK P3.

LES OGSÅ: Tidleg pubertet aukar depresjonsfaren

Forventar positivt svar
Ingeborg Solberg og resten av Nasjonalt nettverk for seksualundervising forventar at Helsedirektoratet lyttar.

– Det er ofte forskjell på kva ein forventar og kva ein håpar på. Me håpar på eit positivt svar, og her forventar me det eigentleg og, for det er ei utruleg viktig teneste. Det er verkeleg forsømming av ungdom som veks opp no, om ein ikkje bryr seg om helsa deira, seier Solberg.

LES OGSÅ: Sex har aldri sett slik ut

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE