– Eg er glad for at partiet no tek initiativ til å stramma opp norsk våpeneksport. Noreg må stoppa all væpning av autoritære regime, og det er på tide at Stortinget tek kontroll over våpeneksportgaloppen til diktatur, seier KrFU-leiar Emil André Erstad til NTB.
LES OGSÅ: Vil stogge norsk våpeneksport
Ti regimer på ti år
I ein resolusjon som sentralstyret til KrF vedtok onsdag blir det vist til at norsk krigsutstyr blei eksportert til ti autoritære regime mellom 2002 og 2012, nemleg Bahrain, Egypt, Dei sameinte arabiske emirata, Jordan, Kuwait, Kina, Libya, Oman, Qatar og Saudi-Arabia.
– Av desse har berre Libya, Egypt og Bahrain blitt fråtekne eksportlisensen si. Det er uhaldbart at ein fredsnasjon som Noreg sel våpen til land som så tydeleg undertrykkjer menneske, meiner KrF.
Partiet krev stopp i all norsk eksport av A- og B-lista krigsmateriell til diktatur, sluttbrukarerklæring frå alle land som tek imot norske våpen og eit parlamentarisk eksportkontrollråd, tilsvarande svensk modell.