– Er det lov å gi heimelaga julegåver sjølv om du er vaksen og ikkje lenger har med pakkar heim frå sløyden og handarbeidstimen?

NPK-Andrea Øien Sæverud
NPK-Andrea Øien Sæverud
Faktaboks

Tips til heimelaga julegåver:

• Konfekt i fin innpakking

• Strikka sokkar, hue eller kjøkenklut

• Gryteunderlag av ullkuler eller treperler

• Sjølvmiksa tacokrydder

• Gåvekort på treretters heimelaga middag

• Heimelaga kropps- og ansiktsskrubb

• Knaggrekke av drivved

• Kurs i noko du er flink til, som gjærbakst, snikring eller fotografering

• Gåvekort på massasje, husarbeid, barnevakt eller fjelltur

• Kalender med eigne bilete

LES FAKTALUKK FAKTA

Tida då du brukte månadene før jul til å produsere julegåver i barnehagen og på skulen er over. Sjølv om du ikkje lenger kjenner same gleda over å lage ein dorullnisse som då du var liten, treng det ikkje å stoppe deg frå å kunne hente fram din indre julegåvehandverkar igjen. Internett og bloggar fløymer over av gode tips til gjer-det-sjølv-julegåver, eller DIY (Do It Yourself), som det ofte vert kalla. Men synest eigentleg folk det er greitt å pakke opp ei heimelaga julegåve julaftan?

– Sjølvsagt er det lov å gi heimelaga julegåver! Vår erfaring er at folk blir aller mest glade når dei får noko personleg. Har du brukt dine eigne evner, betyr det ikkje noko at gåvene ikkje ser perfekte ut, seier kommunikasjonssjef i Framtiden i våre hender Sindre Stranden Tollefsen.

LES OGSÅ: Grønt og etisk – også under juletreet

Tid viktigare enn pengar
Forbrukarar i Noreg over 18 år vil i år bruke 7 prosent meir på julegåver, mat, pynt og fjas enn dei gjorde i fjor. Kvar og ein av oss vil i snitt bruke 11.600 kroner på høgtida vi snart går inn i, ifølgje ei undersøking gjort av Ipsos MMI for DNB.

I ei tid der dei fleste av oss har råd til å kjøpe det vi har lyst på, får gjennomtenkte gåver som avsendaren har brukt tid på, ein ekstra verdi.

– Det folk melder til oss, er at det kjedelegaste dei får er gåver som verkar upersonlege og lite gjennomtenkte, fortel Tollefsen i Framtiden i våre hender.

Hege Gjermundnes i hobbybutikken Panduro kan stadfeste at mange set pris på å få noko som ikkje kjem rett frå hylla, men som avsendaren har sett sitt eige preg på.

– Vi merkar at det er stas å ha noko spesielt som ingen andre har.

LES OGSÅ: Med Paris på pinnane


Trekuler kan brukast både til lysestakar, lampar og gryteunderlag. Her ein lysestakar laga av ferdigkjøpte trekuler med hol i, knytte saman med ei lêrsnor. FOTO: Andrea Øien Sæverud / NPK

Gylne hjortehovud
I hobbybutikkane er det høgsesong no i førjulstida. Strikking og hekling er også i år veldig populært, og noko som både unge og eldre driv med. Samtidig har ein stadig veksande interiørtrend gitt folk nye ting å henge fingrane i.

– Det er veldig in å lage interiørting som kan sprayast med koparfarge. Til dømes har vi nokre hjortehovud i isopor som er veldig populære til den bruk, fortel Hege Gjermundnes i Panduro.

Trekuler er også in for tida, og blir brukte både til lysestakar, lampar og gryteunderlag. Mange nyttar seg også av teknologien, og overfører bilete til stoff. Eit bilete av barnebarna på eit putetrekk vil heilt sikkert falle i smak hjå besteforeldra.

– Så er det som alltid populært å lage matgåver som ein kan gje vekk i eit fint glas eller i ein cellofanpose. Å male på små trehus, glas eller porselenskoppar er det også mange som gjer, seier Gjermundnes.

LES OGSÅ: Bygda trekkjer til seg fleire kunstnarar

Håp for strikkeallergikaren
Alt håp er likevel ikkje ute for dei som ikkje har heilt sansen for verken strikkepinnar, hobbybutikkar eller matlaging.

– Folk kan jo også tenkje nytt om kva «heimelaga» betyr. For dei som føler seg ukomfortable med å drive med handarbeid, finst det mange gode idear, seier Sindre Stranden Tollefsen i Framtiden i våre hender.

Han føreslår mellom anna å gi service på sykkelen, ein tur i skog og mark, prepping av ski, eller kva med eit gåvekort på snømåking?

I fjor gjorde Framtiden i våre hender ei undersøking der det kom fram at seks av ti nordmenn heller ville ha mat, opplevingar og tenester til jul enn ting. Organisasjonen har til og med laga ein eigen gåvekort-generator, ei nettside der du kan klikke fram forslag til tenester, og deretter skrive ut gåvekortet.

 

Havrebollar

Sjokoladekuler med havregryn som kan pyntast med det du vil, for eksempel pistasjenøtter eller strøssel. Ein porsjon gir cirka 15 store eller 40 små havrebollar.

100 gram romtemperert smør

1 desiliter sukker

2 ss kakao

1 ts. vaniljesukker

4 desiliter små havregryn

2 ss appelsinjuice

 

Forslag til pynt:

½ desiliter pistasjenøtter

5 ss kakestrøssel

Rør saman romtemperert smør og sukker. Tilsett kakao, vaniljesukker, havregryn og appelsinjuice. Rør til du får ein jamn masse. Trill små kuler og rull dei i nøtter, strøssel, kokos, perlesukker eller annan pynt. Oppbevar havrebollane kjølig i boks med lok. Kjelde: Tine.no.

 

Limekaramellar

Heimelaga fløytekaramell med ein liten smak av lime. 1 porsjon gir cirka 40 karamellar.

100 gram smør

2 lime

2 desiliter kremfløyte

1 desiliter lys sirup

1 ts. vaniljesukker

Dekk ei langpanne på 20×30 cm med bakepapir. Smelt smør i ein tjukkbotna, vid kjele. Riv skal av lime. Tilsett fløyte, limeskal, sirup og vaniljesukker. Du kan droppe limeskalet dersom du heller vil ha vanlege fløytekaramellar. Kok utan lok. Rør om av og til inntil røra består «kuleprøva»: Ha ein liten dråpe av blandinga i ein kopp med kaldt vatn og prøv å rulle blandinga til ei kule. Går det, er massen ferdig. Hell røra i langpanna og avkjøl. Klipp eller skjær i bitar. Kjelde: Tine.no. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE