Sette norsk rekord på sitt fyrste stemne
Mirlinda Halilovic løfta utrulege 285 kilo samanlagt i benkpress, knebøy og markløft. Det gav 17-åringen uoffisiell norsk rekord i hennar klasse.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rekord på fyrste stemne
Saka var først publisert i Vikebladet.
– Det er nesten som eg ikkje trur det framleis. Det var heilt spesielt, seier Mirlinda Halilovic til Vikebladet Vestposten.
17-åringen overraska både seg sjølv og fleire andre under julestemnet i styrkeløft i Fræna laurdag, då ho løfta vekter på totalt fleire gonger si eiga kroppsvekt. Ho sette uoffisiell norsk rekord i 57-kilosklassen, for jenter mellom 14 og 18 år.
LES OGSÅ: – Meir godtatt at jenter trener styrke
Rekorden ho no har, er uoffisiell fordi den ikkje blei sett under NM, men den er likefullt svært imponerande. Mirlinda løfta 115 kilo i knebøy, 60 kilo i benkpress og 110 kilo i markløft. Sjølv veg ho tett oppunder 57 kilo. Ho har med andre ord løfta over si eiga kroppsvekt i benkpress og bortimot det dobbelte i knebøy og markløft. Alt dette etter berre ein einaste månad med konkurransespesifikk trening. Og utan utstyr. Det vil mellom anna seie utan kompresjonsdrakt.
– Det var fyrste gongen min på stemne, så eg var sjølvsagt spent på korleis eg ville gjere det. Eg har trent skikkeleg i eitt år, men berre ein månad inn mot konkurransen, fortel Mirlinda.
LES OGSÅ: Trening kan gje syreskadde tenner
– Dette gav meirsmak
Mirlinda er til dagleg elev ved Ulstein vidaregåande skule, der ho går idrettslina. Det var ein av lærarane hennar, Arve Haugland, som spurte om ho kunne tenkje seg å byrje med konkurransestyrkeløft.
– Eg hadde trent styrke ei stund, så det var kjekt og inspirerande å få spørsmålet av Arve. Eg valte å gå idrettslina fordi eg er glad i å halde meg i fysisk aktivitet, og det er ekstra kjekt når eg kan gjere noko som eg trur eg kan få bra til. Resultatet i helga gav heilt klart meirsmak, og eg har lyst til å konkurrere igjen, seier Mirlinda.
Ho røper at ingen andre i familien har drive styrkeløft før, og at ho oppdaga at ho hadde eit talent for berre kort tid sidan.
– For eksempel så byrja eg fyrst å ta markløft for tre veker sidan. Sett i perspektiv er det spesielt at eg då løfter såpass mykje, seier ho.
LES OGSÅ: – Husarbeid er fullverdig trening
Saknar styrkeløftmiljø
Mirlinda løfta i helga for Sjøholt AK vektløftarklubb, men skulle helst sett at ho hadde ein klubb å trene med heime i Ulsteinvik.
– Det hadde heilt klart vore ein fordel. Eg saknar eit miljø for dette her, og håpar fleire med meg kan tenkje seg å prøve det ut.
Om ho blir med i Noregsmeisterskapet i november har ho ikkje tatt stilling til enno.
– Det hadde nok vore artig, men eg veit ikkje om eg er klar for det. Eg skulle helst ha trent mykje meir inn mot konkurranse dersom eg skulle blitt med der. Eg tek det som det kjem, seier Mirlinda avslutningsvis.