Her vil dei bygga gigantpark
Vikingland Utvikiling har bestemt seg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her kjem Vikingland
Dagleg leiar i Vikingland Utvikling AS, Odd Erik Salvesen, informerte fredag om at Sveio er plukka ut som lokasjon for den store aktivitetsparken Vikingland. Årsaka er nærleiken til E39 og annan infrastruktur, og at Sveio ligg midt mellom storbyane Bergen og Stavanger.
I tillegg ser utbyggingsselskapet, som har amerikanske parkutbyggjarar med seg på laget, føre seg nært samarbeid med golfbane og Spasenter, noko som i neste omgang også kan føra til at det blir bygd badeland.
LES OGSÅ: Vikingkultur kan vera gull verdt
– Dessutan er me glade for å ligga nær eit levande sentrum, uttalte Salvesen til regionsrådet i Haugaland Vekst.
Ein nøgd ordførar i Sveio, Ruth Eriksen, var glad for vedtaket. Sveio har lenge kjempa ein hard kamp med Karmøy og Bokn om å få temaparken.
– No kan me endeleg sleppa jubelen laus, seier ho til Haugesunds Avis.