Lokkar fleire på toppturar
Samarbeid mellom Gjendesheim turisthytte og Besseggen fjellsport skal auke interessa for toppturar med utleige av randoneutstyr.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Fjuken.
– Vinterturismen i Jotunheimen er under utvikling med generelt auka interesse for toppturar og mykje fokus på Haute Route og andre ruter, seier turistvert Marius Haugaløkken på Gjendesheim turisthytte.
Gjennom utleige av randoneski ynsker Gjendesheim å gje fleire ein introduksjon til denne type bratte skiturer med eigna utstyr.
LES OGSÅ: Her cruiser kronprinsen
Med støtte frå Vågå kommune, DNT Ung og Sparebank1 Gudbrandsdal, blir det nå kjøpt inn ti sett med ski, sko og utstyr for å ta vare på tryggleiken i form av søkestenger, spade og skredsøkjar.
– Det er viktig å handle lokalt, seier Marius Haugaløkken, som har kjøpt utstyret av Knut Erik Tessnes i Besseggen Fjellsport. I tillegg stiller Besseggen Fjellsport fem demosett til rådvelde.
– Det er tryggare å gå toppturar med slik utstyr. Og for dei som likar å køyre nedover på ski, er dette ei gyllen moglegheit til å prøve nå, seier Knut Erik Tessnes.
LES OGSÅ: – Mange vil ut i skredfarleg terreng