Frå Lussi-frykt til Lucia-fest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Lucia-skikken med lussekattar og kvitkledde jenter og gutar med lys i hår og hender har vi adoptert frå Sverige. Men også her til lands har vi hatt ein eigen, om ikkje like triveleg, skikk knytt til datoen 13.12 – Lussi-tradisjonen.

– Eg trur datoen er den einaste tilknytinga dei har til kvarandre. Lucia er ei katolsk helgenmarkering og helgenar er ikkje farlege. Lucia var ein velgjerar og var god mot dei fattige. Den norske Lussi er ein annan figur, fortel folklorist Ann Helene Bolstad Skjelbred.

LES OGSÅ: Stakk ut augo med gaffel

Skremselsfigur
I den nyleg utkomne boka «Jul i Norge» fortel Skjelbred blant mange tema om den kvinnelege skremselsfiguren Lussi. Lussi for rundt på gardane natt til 13. desember for å kontrollere at alt som skulle gjerast til jul, var i rute.

Etter juliansk kalender var denne natta vintersolkverv – den lengste natta i året då alle vonde krefter var lause. Og Lussi var ei av dei ein måtte passe seg for. Kvinnefiguren hadde nok den funksjonen at ho fekk fart på folk som var bakpå med gjeremåla, men bidrog nok òg til å skape reell frykt, meiner Skjelbred.

– Dei som hadde frykt var gjerne borna. Viss dei var ute lenger enn dei skulle kunne Lussi ta dei. Det var ein kontrollinstans. Men som med mange tradisjonar, er det mangfaldig. Fleire ting kunne spele inn, det ser ein òg i tradisjonen som fortel om Lussi, seier Skjelbred.

LES OGSÅ: Jul gjennom tusen år

Måtte vere ferdige
Tresking, spinning, brygging og baking. Mykje skulle gjerast fram mot jul – og Lussi kom på arbeidstilsyn. Ho er framstilt som eit uhyre og hadde gjerne følgje av trollpakk kalla lusseferda eller julereia.

– Menn og gutar skulle ofte hogge juleved. Då burde dei vere ferdig til då og då, elles kunne ho kome. Også for vaksne kunne frykta vere reell, nettopp fordi ein trudde vonde krefter var ute, fortel Skjelbred.

LES OGSÅ: Tar eit oppgjer med julehysteriet

Mest i vest
Ifølgje boka var det særleg vest i landet tradisjonen med Lussi var utbreidd. Men akkurat når han oppstod, er vanskeleg å vite.

– Det at vonde makter var ute i skjeringspunktet mellom kvardag og helg, det er ein tradisjon. Kor gammal han er kan vi ikkje seie, men det er typisk for mange religionar at mørket og tilværet er fullt av makter som kan gripe inn, fortel Skjelbred.

– No er det mest snakk om englar, det er det gode vi vil ha. Tidlegare var ein meir opptekne av vonde krefter, seier ho.

Skjelbred fortel at etter dei gamle tradisjonane sleppte kreftene gjerne laus nettopp i skiftet mellom to tilstandar, som frå kvardag til fest eller frå lys til mørke. Men også ved store overgangar i livet som frå ugift til gift eller udøypt til døypt, kunne kreftene gjere seg gjeldande.

LES OGSÅ: Unge lagar jul for einsame

Frå alvor til leik
Også i andre nordiske land finst dei vetteliknande figurane som minner om Lussi. Denne mørke Lucia er også omtala i Mellom-Europa.

I Noreg endra Lussi-tradisjonen etter kvart karakter, frå det alvorlege til det noko meir lystige.

– Vi antar at det siste vi veit om var utkledingar, nærast som julebukkar, då gjekk det over til leik, fortel Skjelbred.

Folkloristen har brukt Norsk etnologisk gransking (NEG) som kjeldemateriale. Materialet fortel om slike utkledingar fram til slutten av 1800-talet.

LES OGSÅ: Når alt går til hundane

Mot lysare tider
Frelsesarmeens speidarjenter på Voss ser ut til å ha vore dei første i Noreg som gjekk i opptog for den hakket lysare Lucia, i 1903. Men først etter andre verdskrigen vende vi oss for alvor mot dei svenske skikkane 13. desember, ifølgje Skjelbred.

Innsamling til gode føremål, opptog og Lucia-kåringar var alt ein del av dei første luciamarkeringane her i landet på 50-talet.

Også i dag er det Lucia, lys, lussekattar og song som får rå 13. desember. Lussi har vorte verande att i mørket.

Faktaboks

 Luciadagen

*13. desember er tileigna Lucia i helgenkalenderen. Lucia var ei kristen jomfru frå Sicilia som etter legenda leid martyrdøden under forfølginga av kristne i Romarriket tidleg på 300-talet.
* Namnet Lucia kjem frå lux, som betyr lys.
* Vår Lucia-skikk er henta frå Sverige. Dei tidlegaste opplysingane om dei svenske Lucia-skikkane stammar frå 1700-talet.
* Den svenske Lucia med lyskrans og lussekattar er igjen påverka av tyske skikkar.
* Det var etter andre verdskrigen at det blei vanleg med Lucia-feiring her i landet.

(Kjelde: Boka «Jul i Norge» av Ann Helene Bolstad Skjelbred og Store norske leksikon) (©NPK)