6.000 barn hyllar fredsprisvinnarane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hylla av 6000 barn

–Vi vil at Malala skal ha det gøy! sa barn frå Bolteløkka skole i Oslo til NRK. Dei var blant dei mellom 6.000 og 7.000 barna som hadde møtt opp utanfor Nobels Fredssenter, der Redd Barnas fredsprisfest no er i gang.

Dette er det 18. året på rad at Redd Barna hyllar vinnarane av Nobels fredspris.

LES OGSÅ: – Tydeleg at ho er ein rollemodell

Spørsmål
–Eg synes det er utruleg flott at så mange barn er her for å møte fredsprisvinnarane, sa generalsekretær Tove Romsaas Wang i Redd Barna frå scenen.

Der stod også artistar som Sval, Angelina Jordan Astar og tryllekunstnaren MagiCurty. Også kronprinsesse Mette-Marit og Oslo-ordførar Fabian Stang deltok på festen

Ikkje berre er festen for barn, det er også barn som står bak arrangementet. Festkomiteen består av tolv sjuandeklassingar frå Sagene og Lindeberg skular. Dei har invitert til festen og har samla inn spørsmål til fredsprisvinnarane frå skulebarn i heile Noreg.

LES OGSÅ: Skipar anti-Malala-dag

Ein festdag
Alle femte- til åttandeklassingar i Oslo er invitert til festen som blir overført direkte til Grieghallen i Bergen, der 1.200 barn frå vestlandshovudstaden deltek.

– Dette er ein stor festdag, to verdige vinnarar av fredsprisen skal feirast. Dei kjempar for saker som berører fleire hundre millionar barn verda rundt. Difor har vi flytta han utandørs for å få plass til flest mogleg, seier generalsekretær Tove Romsaas Wang i Redd Barna til TV 2. (©NPK)

LES OGSÅ: Ungdom blir diskriminert i samfunnsdebatten

QUIZ: Kva veit du om Nobels fredspris?