– Plis, vi må til Dombås

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Vigga.

Kommuna må spare pengar, skriv Vikebladet Vestposten, og eit av tiltaka er å seie opp avtala med Dombås fjellskule. Kommunalsjefen for skule, Gry Nordal, fortel til avisa at det er eit av tiltaka for å spare.
Levekårsutvalet i Ulstein kommune mottok eit brev frå sjuandeklassingane ved Hasund skule, som ber partia om å tenkje seg om når budsjettet skal bankast.

LES OGSÅ: Aldri for seint for sommarleir

Gledd seg til leirskule
Elevane er leie seg for at dei ikkje får reise på leirskule. Dei vil svært gjerne til Dombås står det i brevet.
– Vi har alle gledd oss til Dombås. Då vi fekk vite at vi ikkje skulle dit vart alle skuffa, skriv elevane.
Dei argumenterer med at dei blir meir samansveisa av å vere på tur og at turen hadde blitt eit farvel med klassen før dei byrjar på ungdomsskulen. Dei argumenterer også med at dei på leirskulen kjem seg bort frå mobiltelefonen og data. Og fleire av dei har lyst til å stå på ski. Brevet er signert alle i klassen.

Då brevet var oppe som orientering til levekårsutvalet ende det med at utvalet ber partigruppene vurdere dette tiltaket på nytt. Både i Ulstein og nabokommuna Hareid har det vore årelange tradisjonar med å reise til Dombås på leirskule.