Norsk musikkvideo vann europeisk prestisjepris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omstridd video vann gull

Artikkelen vart først publisert i Møre-Nytt

Aktiv mot kreft skapte storm då dei lot kreftsjuke, eller tidlegare kreftsjuke, gjenskape den frekke musikkvideoen til hitlåten «Call on me». I filmen var også Ørstakvinna Monica Lund.

LES OGSÅ: Å leva det er å elska

Sjå videoen her:

No vert kampanjen hylla av den internasjonale PR-bransjen, og torsdag vann Aktiv mot kreft og kommunikasjonsbyrået Trigger gull i European Excellence Awards i Paris.

Prisen, som er kjent som PR-bransjen sitt eige Europameisterskap, heng høgt i den internasjonale PR-bransjen, som no har konkludert med at innspelinga av «Call on me» er blant dei beste kommunikasjonsarbeida i Europa i året som har gått.

LES OGSÅ: Feirar livet i kreftvideoen

– Det blåste tidvis friskt i haust, men vi var aldri i tvil om at arbeidet vi gjorde var viktig for saka. Vi opplevde enorm støtte heile vegen, og dei resultata vi har nådd viser at nordmenn har forstått at fysisk aktivitet er eit av dei viktigaste verkemidla for å leve best mogleg med kreft. No er vi veldig glade og vi set stor pris på å verte verdsett av nokre av dei fremste kommunikasjonsekspertane i verda, seier leiar i Aktiv mot kreft, Helle Aanesen.

LES OGSÅ: Punkterer myten om at vin er godt for helsa