Noregs lengste buss i drift

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka startar den lengste bussen i Noreg på ruta si frå Festplassen til Høgskulen på Kronstad i Bergen.

Bussen er 24 meter lang og går på biogass. Han har praktisk kapasitet på 105 passasjerar, men kan ta heile 152 passasjerar teoretisk.

Bussen er så lang at den har fått dispensasjon for å køyre to ruter i Bergen. Den andre er linje 2 frå sentrum over Landås til Birkelundstoppen som etter kvart og vil bli trafikkert av dei to 24 meter lange bussane.

Fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen er glad for større bussar.

– Vi treng fleire plassar for kollektivreisande. No testar vi bussen først ut på linjene vi har god kapasitet på. Vi har og tinga lengre bybanevogner, så eg trur folk vil bli vane med litt lengre køyretøy i trafikken, seier fylkesordførar Nilsen i ei pressemelding på Hordaland.

I den første tida vil dei lange bussane ikkje køyre i rushtida, for å unngå å skape kø og trafikale problem. For at bussen skal greie å krysse vegen på grønt lys, har sjåføren fjernkontroll for å lenge tida.

Det spesielle med dei to bussane er at dei blir drivne av ein elektrisk motor som får straum frå batteri lada av ein biogassmotor og av bremseenergi. Bussane er eigd av Hordaland fylkeskommune ved Skyss og blir drivne av Tide Buss.